- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
188

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

188

HJAA HO MOR

Ufysne, ulidande Tankar kom; ho maatte hava Hjelp;
ho gjekk til Dorthe med Breve.

Dorthe las det og gav seg til aa læ. Du . . .
innbiller deg vel ikkje noko ... av dette Breve? sagde
ho; men Laatten var tilgjord. Nei, men ... —
Gakk no berre ikkje ikring og syn det til Folk, sagde
Dorthe kaldmælt; dei kunde tru at du var narrvori.
— Nei det kann du vita eg aldri hev tenkt paa, svara
Fanny raud; men tykkjer du ikkje —. — Han skriv
til alt Folk; han kann ikkje so vel vega kvart Orde
. . . Sjaa her. Gjer deg berre ikkje til Narr no daa!

Fanny vart styrkt i Tvilen sin; ho miste Trui paa
Andersson.

Ho miste med det same Hügen for Ansgarmissjonen.
Noko um Senn slutta ho reint med aa gaa paa
Samlingar. Ho kunde ikkje lenger so trygt tru paa dei
Andens Mennar som tala der. Det var slett ikkje sagt
at dei tenkte berre paa aa frelse Sjælir. Det var ingin
annan aa lite paa enn Gud sjølv. Ho fekk halde seg
til honom. Dorthe var visst ikkje so heit i Trui som
fyrr, ho heller; mot Fanny hadde ho au vorti
kulds-legare enn fyrr.

Men etterkvart som Trui dovna kom Tomleiken.
Fanny totte langt. Ho hadde havt det so godt ei Tid;
no visste ho ikkje kva ho skulde faa i Staden for det
som ho meir og meir miste.

Krambui vart ein Gong til so stusleg som fyrr; ho
hadde ikkje noko aa staa imot med. Kva i Verdi skulde
ho finne paa. Det ho fyrr hadde drøymt um var slengt
burt og uppgjevi. Midt i sin Ungdom stod ho her som
eit bladlaust Tre. Dei var ikkje komne Friarane
dessmeir. Ikkje ein var komin, utan Dauden i Lybekk.
Og ikkje kom det nokon heller; ikkje nokon som ho
kunde bry seg um. Ho kom vel til aa staa der ved
Disken til ho vart so leid at ho gifte seg med ein
Vadsekk. Det vart Enden paa Visa og hennar store Mod.

Kven brydde seg um ei fatig Gjente som stod og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0194.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free