Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
190
HJAA HO MOR
Sveinen sin og gjekk i Bylgja den blaa; um den litle
Smaafuglen, som sat aaleine paa Bjørkekvist yvi den
stille Bekken og døydde av Kjærleiks Saknad.
Av Grete fekk ho laane Ibsens Dikt; deim lærde ho
utanbokes. Best lika ho desse Smaakvædi som ikkje
var anna enn eit Skimt, ein Klang, eit Bilæte; Gjenta
i Kunstsamlingi som sat heile sitt Liv og kopiera
Murillo vart eit Mynster for henne:
„. . . Øiets svømmende
Langsyn siger,
hun bygger drømmende
Skjønhedsriger."
Ho tok til aa forstaa at ho sjølv burde bli Maalar.
Ho vart ulykkeleg kor som var; og det kunde daa
nettupp høve for henne aa sitja i all si Tid med symjande
Augo og byggje drøymande Venleiks-Rike. Svanhild
hadde og tenkt paa aa bli Maalar. Uff; tru det kunde
koste svært mykje aa lære aa maale litegrand? —
— Ut paa Vaarkanten var det eit Danselag hjaa
Magnesen; Fanny vart bedi og gjekk. Ho kunde ikkje
anna. Det var fyrste Gongen ho skulde faa vera med
paa eit rettelegt Ball; fyrr hadde ho aldri havt
Ballkjole. Og ho vilde ikkje danse; ho vilde berre sjaa
paa. Kor som gjekk laut ho sidan gjera Bot.
Kjolen kunde ikkje bli som han burde denne Gongen
heller; men han fekk klara det —: kvitt Blondety paa
ein Botn av blaatt Alpakka. Yvi Aksline eit kvitt Fichu;
det klædde henne stormande. Paa den eine Oksli ei
raud Rose; i det rike glansbrune Haare like eins ei
raud Rose; det var all hennar Stas.
Ho kom i Lage og var straalande. Det var Fest um
henne av Ungdom og Frygd; Augo tirde, Kinni blømde;
Gutane røynde seg med aa finne fagre Ord; mest gjekk
det paa Samanlikningar med den friske Rosa. Den
Fyrisetningi at ho berre vilde sjaa paa, den rauk foç
det fyrste Tilbode ho fekk; ho gløymde Gud med ein
sæl Smil og støypte seg ør av Glede inn i Stimen.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>