- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
191

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HJAA HO MOR.

191

Der var ein fin, kvik medisinsk Student som heitte Aas;
han gjorde seg til for henne heile Kvelden. Det var den
finaste Herren ho hadde set. Og samstundes var han
so paaliteleg og truhjartug. Det opne ljose Andlite hans
kjende ikkje Svik. Ho trudde han av heile sitt Hjarta.

Det var noko leidt med det at ho var so styvi; det
var fælt so lite ho visste. Ho laut segja mindre enn
ho hadde Hüg til; det kunde vera so snart gjort aa
forsnakke seg. Som vel var tala han for deim baae.
Han heldt henne med Drøs heile Tidi; lett, trøysamt,
hyggjelegt rødde han; dette var det daa dei kalla
Konversasjon. Han tala seint og svært mjukt og drog
paa Ordi; r’en vart stundom til j; dei tala vel so, dei
fine Herrane no for Tidi. Han var svært godt upplærd.
Hadde Hüg for Musik, Song, Maalarkunst; naar han
vart Doktar og rik vilde han hava det so og so gildt
heime hjaa seg; det skulde hange fine Maalarstykke
paa alle Veggir . . . Kva det kostar aa lære aa
maale? Det kostar Tid, Frøken. Ein maa halde paa i
mange, mange Aar, skal det bli noko av det; og so
maa ein liggje i Düsseldorf og München og Pajis . . .
Noko lite? Ja eg skal segja Dykk, Frøken: det er
mest verre aa kunna noko lite enn inkje. Og so hev
me so skræmeleg mange som kann noko lite; dei smøj
upp so my’e Lereft, at Gud Fadej maa tilgje deim. Seg
meg, maaiar De, Frøken?

Fanny lét stilt Maalartanken sin fara.

Aa; det var vonlaust so faavis ho var. Kvar Stundi
nemnde han Ting som ho ikkje hadde Greide paa.
Det var mojosamt at gaa paa Karl-Johan og „studéje
Fysiognomier"; kva tru det var. Hans gode Vén Gabriel
var ein heller ihuga Bakkusdyrkar; kva var no det.
Same Gabriel var dertil ein ægte nojsk Prinsip-ridar;
han sverma for modejne Idear og var ein Hund etter
jealistisk Kunst . . . Uff; ved Gud! ho maatte til aa
lesa. Men naar skulde ho faa Stundir; og kor skulde
ho faa Bøkar ifraa ... Ho torde ikkje so mykje som

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0197.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free