Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HJAA HO MOR.
193
— Ein Sundag seinare raaka Fanny han att paa
Karl-Johan. Ho raaka han att oftare. Han tok til aa
gjera Kur paa Aalvor.
Han tok henne med i Teatre og paa Kakebui, paa
Konsertar og paa Turar. Stundom var ho Mor med;
men for det meste var dei aaleine. Han venta paa
henne utanfor Krambui um Kvelden og fylgde henne
heim; han fylgde henne heim um Middagen og stundom.
Det gjorde ikkje honom noko at ho var Krambugjente;
han var i Sanning fin. Aa Gud; ho heldt visst av
han. Tenk, um ho kunde faa frelse han. Han var
eit fælslegt Verdensbarn.
Ikkje for alt i Verdi maatte han forstaa at ho var
gudeleg; so vesal var ho; so laak var ho; men ho bad
for han. Ho vart meir ihuga i Bøni enn
noko-sinn; og Bønine hennar vart so varme at ho totte
Gud maatte høyre deim. Kvar Gong ho raaka han
att saag ho etter, um han ikkje skulde ha vorti noko
meir aalvorsam no. Men nei; han var det same glade
Verdensbarne som han hadde vori.
So freista ho aa hjelpe Vaarherre. Um Sundagane
naar dei gjekk og dreiv, fekk ho han med paa
Kyrkjegarden; naar han fekk Dauden so nære, kunde han
vel koma til aa tenkje seg um. Bien, warum nicht?
sagde han og gjekk med; so gjekk han millom Gravine
og tala um Moro og Musik som elles. Det beit
ingin-ting paa han. Sistpaa vart han leid av Kyrkjegarden.
Herre Gud, kann me ikkje finne mindre grøtelege
Stadir aa drive paa daa, sagde han. Ho lo og gav
upp Voni. Han var i Grunnen eit stort Barn.
Vaarherre fekk hjelpe han naar hans Tid kom. Han var
gild som han var no og, daa.
13 — Garborg. II.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>