- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
194

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

194

HJAA HO MOR

XVII.

Gamle Houen sagde aldri eit Ord; Fanny var stød
paa, at han var misnøgd. Ho gjorde nok det ho kunde.
Forsømde aldri ein Minutt; var paa Staden sin um ho
so ikkje var frisk; gjorde meir enn ho var nøydd til;
greidde so kvikt med Folk, at dei helst kom til aa
kaupe meir enn dei vilde; laug til Bate for Husbonden
sin so ho laut undrast paa det sjølv; men nei; aldri
eit Ord. Han var misnøgd. Jomfru Stange maatte ha
vori glupare. Fanny torde ikkje kny um Lønspaalegg;
takke Gud, um ho ikkje vart uppsagd. For eit
raad-laust ubrukelegt Menneskje ho var; um ho brüka seg
av all si Magt, so dugde ho ikkje til so mykje som
aa selja Lereft.

Men ein Dag sagde Houen eit Ord som var
jamgodt med tusund; han lagde paa Løni for henne. Ho
skulde hava firti Kronur Maanaden no. Fanny sprang
heim og fortalde det baade med Graat og Laatt; heile
Ekeberg var falli fraa Hjarta hennar, sagde ho; ho tok
heiltupp til aa faa Vyrdnad for seg sjølv. Daa gjekk
ho Mor ut og henta heim ei Flaske Bökk-øl. Jamenn
lyt me ha Raad til aa ha det lite koselegt i Kveld,
Gjenta mi, sagde ho.

Og no gav ho Mor fraa seg alle sine Søkjarar so
nær som Assessorfrua. Henne vilde ho halde paa for
god Vénskaps Skuld. Ho totte visst og det var svært
gildt aa bli henta med Hest; — „stend dei i Glase
hjaa Larsen no?" kviskra ho gjerne med same ho
skulde køyre. —

— Fanny vart ikkje rikare enn fyrr. Men ho tok
seg Raad likevel til aa leige eit Fortepiano.

Det var eit gamalt firkanta Hakkebrett som ho fekk
for halvonnor Krone um Maanaden. Nokre lette
Musik-Stykke fekk ho laant hjaa Fru Kahrs, som elles no
heldt Sengi. So sat Fanny og klimpra og spéla so ofte
ho hadde ei Stund. Det var ikkje mykje Ljod i den

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0200.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free