- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
195

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HJAA HO MOR.

195

gamle Kassa. Men Tonen var ven. Der var noko
spedt og fortenkt ved han, noko dust, drøymande,
harpe-lint; han song um gamle Stogur med sin Fred, um
gamle Fruir med sine Minne. So kunde det raake ein
Sundag Fyrimiddag, at Aas kom upp; daa song han;
og ho spéla til, og gløymde all Heimsens Møde. Ho
var den unge Gjenta i Kunstsamlingi; det symjande
Langsyn i Auga sagde, at ho bygde drøymande
Venleiks-Rike; Susen fraa det gamle Klavére vart Musik,
Tone-bylgjur som Songarskipe hans siglde paa. Alt vart
Ljos og Sæle. Tonane livde og tala; dei norske
Fjell-tonane fekk henne til aa læ med sin trollske Skjemt,
og ho vart kjensleveik av den mjuke Sorg i dei slaviske
og magyariske Folkelundar.

Og so gjekk dei Turar i Lag. Han rødde; ho høyrde
paa. Han fortalde fraa Studentersamfunde og
Selskapslive, fraa Læresalen og Sjukehuse; han rødde um
Skræddaren sin og Klædningane sine og tok ho paa
Raad um Handkragar og Slips. Ho fekk Greide paa
alle Framtidstankane hans. Han fortalde kva Stil han
vilde hava Romi sine budde i, kva Fabrik han vilde
taka Pianoe sitt fraa, kva Maalarar som skulde vera
fram-synte paa Veggen hans; han sagde kva der skulde
staa paa Helsingskorte hans, og forklaara korleis han
vilde bera seg aat med aa faa fin Søkning. Han var
hjartans barnsleg, den store Guten. Naar han hadde
fengi nye Klæde eller ein ny Hatt, var han reint til aa
læ aat. Han snudde seg rundt framfyri henne og
spurde um han ikkje var pen; seg meg beintfram,
Frøken, er ikkje den Hatten framifraa, tykkjer De?
Han vart svært fornøgd, naar ho kalla han ein Sprett.
„Vet Di hva Di er, Aas?" — „Nei?" — „Di er en
Laps!" — Han smilte, smaaplistra, keika seg; — um
ho visste kva ho var daa? — Nei? — „Nydeli!"

Ved sløglagde Spursmaal fekk ho han til aa greide
ut det ho ikkje forstod; han vart Læraren hennar.
Dei dreiv i Lag ut-yvi Sumaren og Hausten og kunde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0201.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free