Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
196
HJAA HO MOR
sistpaa tala saman um noko av kvart. Men sümt var
det likevel, som ho ikkje kunde faa rett Greide paa
av han.
Hjaa Thorseng las ho kvar Sundag Aftenposten;
der var mykje ho ikkje forstod. Det saag ut til at
det var faarlege Tidir me livde i; alt som godt og
heilagt var laag i Dauds Von; nokre fæle Fantar i
Storthinge vilde velte Verdi; naar ho spurde Aas um
slike Ting, svara han berre med Lentur. Kva ein
Vinstremann var? — Ein Vinstremann var ein
utarma Fyr som søkte Post i Statsrevisjonen. —
Republik? — Republik vilde segja, at Diktaren Bjørnson
skulde vera Konge i Staden for Oskaj den andre.
Folkehøgskulen? — ein Stad der Bondegutar vart lærde
upp til aa tala paa Vers og Ilva av Solskin og Laan i
Hypothekbanken. Vilde ho vita meir, so sagde han:
aa nei Herre Gud, lat oss no vera Folk og ikkje snakke
Politik daa! Politik ser De, det er noko som kann
høve for Listerbøndar og Lagsmennar i Kristiania
Ar-beidarsamfund; det er ikkje for oss som er betre vane!
Aas gav seg ikkje innpaa aalvorsame Ting; og gjorde
han det, vart det aalvorsame au lettvint. Det kunde
gaa mest for vidt. Ein Gong fortalde han, ende fram,
reint som inginting, at Gabriel, Vén hans, var Fritenkjar.
Jøss! kva er det De segjer, braut ho av; De maa daa
ikkje segja slikt lel! — Herregud, naar det er sant?
— Sant! Og slikt eit Menneskje kann De ha Lag med?
— Ja det kann eg vel? Det vert daa ikkje mi Sak
det? — Nei men ... det maa daa vera fælsleg
uhug-legt! — Ja eg tykkjer det er Tull av han eg, sagde
Aas; for De kann daa skyna me maa tju paa
Vaaj-hejje ... ja meiner ikkje De au det? Kammeratane
mine segjer at dette berre er noko eg gjeng og spjaakar
med; men eg forsikrar Dykk paa: eg skynar ikkje
koss me skulde greide oss, um me ikkje hadde
Vaar-herre! Sjaa no berre som dette: der ligg ein Mann
og er reint klar. Me kunde vaage Toppen paa, at han
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>