Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HJAA HO MOR.
197
ikkje liver til i Morgo. Naa; so feil han burt og ligg
der ei Stund; og so med ein Gong so kviknar han til
att, og blir so frisk som ein Fisk og liver i mange
Hejjens Aar. Slikt noko lyt ein daa hava som ei
For-klaaring paa, kann De skyna. Eg held med Lochmann,
eg; me hev mykje Bruk for Vaarherre i Medisinen.
Nei men no skal eg fortelja Dykk noko som hende
nedpaa Mat-stogo igaar; eg skal segja Dykk, alt Folk
er so upp i Under paa kva det er for ei fin Gjente
eg hev fengi fat paa ... — Uff; han var i Grunnen
skræmeleg lettlynd.
Stundom raaka ho han i Lag med denne Gabriel;
og no, daa ho hadde høyrt dette fæle, lagde ho Merke
til Fyren. Det var rart at ein Fritenkjar kunde sjaa
soleis ut, totte ho. Noko hustri var der ved han, det
sagde seg sjølv; ein kunde sjaa at han ikkje hadde
Sjælefred; men elles saag han ut som anna Folk, ja
var heller ein ven Kar. Dei brune Augo hadde ei
god Bragd; Andlite var aalvorsamt og fint; det
silke-mjuke kolsvarte Munskjegge tok seg godt ut til den
djupbleike Håmllten. Han gjekk godt klædd og hadde
eit finslegt Lag. Bergensmaale lyddest vent i Munnen
hans, syngjande lint, stundom barnslegt. Det einaste
leide med han var at han banna; men det var der
mange som gjorde, og var ikkje Fritenkjarar for det.
Ein Dag sagde han noko som gjorde henne mest
glad i han. Det var ein Sundag Fyrimiddag; dei raaka
han utanfor Grand; der stod han og rødde med ein
halvlurvin Fyr, som nettupp daa gjekk ifraa han. Naa,
Goddag, Gabriel, sagde Aas; kjenner du og den
Riddars-mannen? — Nei; kjenner du han? — Ja det veit den
søte Gud; det er den støjste Slusk og Snytarfant i
Kristiania. — Aa Fanden, sagde Gram; og eg som
gav han tvo Kronur! — Tosken; og dei tvo Kronune
hadde du vel laant og? — Nei eg laanar daa ikkje
Pengar fyrst i Maanaden . . . Fanden til Tull daa! I
Grunnen kunde eg havt Bruk for dei tvo Kronune
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>