Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
198 HJAA HO MOR
sjølv i Dag. — Naa ja-ja, trøysta han seg; han Slusken
hadde vel og Bruk for deim; Sluskar skal liva dei med,
for Pokkeren . . . adjø! —■ adjø, Frøken!" — Gud, so
lettlynd som han visst var. Men tenk: „Sluskar skal
og liva!" Det var i Grunnen vakkert. Undrast paa
um Aas kunde ha logi eit Grand paa sin gode Vén?
Ein einaste Gong kom ho til aa tala med han; daa
forstod ho, at han nok likevel var ein leid ein.
Ho kom til aa segja at ho ikkje vilde gifte seg; han
tok det med Aalvor og vart sint. At ho vilde koma
med slikt, som ho daa neigu ikkje meinte! Jau det
skulde vera fint, um ho vanta den Turfti! Det fanst
ikkje noko so vonlaust som ei Gjente som ikkje hadde
Bruk for aa gifte seg; og dessutan, kor som var, so
skulde ein gifte seg; det var smaklaust aa gaa ugift!
De gjeng daa ugift sjølv, sagde ho, endaa ho visst
ikkje burde svara paa slikt Snakk.
Ja gudbevars; til Dato hadde det endefram ikkje
lati seg praktisere; og elles so var det ymist aa tenkje
paa, her med. Eit Menneskje som ein skulde vera i
Lag med heile sitt Liv fann ein ikkje so i ein Hast
. . . Hugtekin? Ja; Kvinfolki trudde det; berre ein
var hugtekin so var alt greidt . . . Naar det bar til
Stykke so var det snartsagt det minste! Spursmaale var
um dei tvo forstod kvarandre; og daa maatte dei staa
paa det same Daningstlg paa Lag, hava i det store teki
dei same Hugdrag; dessutan var det alle desse
Smaating; eg, sagde han, kunde t. D. aldri vera gift med
ei Dame som ikkje hadde Sans for aa klæde seg vent;
tenk Dykk det!
Fanny saag nedyvi Klædningen sin; han var ikkje
svært ven; ho totte Gabriel var ulidande. De er nok
vand paa det, De, sagde ho.
Vand paa det? Han berre endefram var soleis.
Heller ikkje, heldt han fram, kunde eg vera gift med
ei som ikkje gjekk vent; eller ei som aat med Kniv;
eller ei som lo mykje . . . Det er visse Ting, ser De,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>