- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
199

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HJAA HO MOR.

199

som hev den og den visse Verknad paa det og det
serskilde Nervesystem; det nyttar ikkje aa slaa seg
uvyrdin; ein maa sjaa etter det, naar ein skal velja.

De kjem til aa sjaa Dykk vel fyri, De daa, smilte Fanny.

Ja. De vil segja at ein kann skiljast att, song han
paa i ein sturin Tone; men slikt noko gjer ikkje eit
Menneskje med Folkeskikk. Hev ein Nervur, so skyr
ein sovori; ein vil ikkje hava sine Privatissima paa
Pøbelmunn. Daa visst ikkje fyrr ein hev vorti so
demoralisera, at det sgu mest kann bli slikt Slag med
heile Greida. Berre den simple Ting aa segja til ei
som ein hev havt det godt med: no vil eg ikkje meir
. . . ja ein drygjer med det og, til det mest er for
seint. Eg veit um det fraa slikt eit lettlyndt Samhøve
eg hadde ein Gong . . . Hm! kremta Aas; Gram gaadde
det ikkje; — det var sgu slett ikkje noko rart Høve,
men likevel —; aa gaa aa segja til den snilde
Gjent-ungen, som eg visste var eit Grand glad i meg: no
lyt det vera slutt ... Ja eg er ikkje snar-kløkkjen;
men neigu um eg nokon Gong hev gjort noko som
var stort verre ..."

Hm! — Seg meg, hev du ei Klokke som gjeng rett,
Gram? sagde Aas brydd; Fanny saag fornærma ut;
Gram harma seg, kunde ein sjaa, og tok Avskil. Ja,
han kann vera taktlaus, sagde Aas. Seg meg, hev De
høyrt gjeti det som gjekk for seg i Arbeidarsamfunde
igaarkveld? Det er no eit Fantebøle i Grunnen, det
Arbeidarsamfunde ... — Men Fanny kunde ikkje
vera so sinna paa Gram som ho burde. Det var ein
underleg Kar; tenk; taka det so vidt aalvorsamt med
ei Taus av det Slage! Det var visst noko godt i det
og; men uff; fortelja sovori liksom det skulde vera ein
reint endefram Ting . . . jau han maatte vera Fritenkjar.
Aas snakka: . . . fælande mojosamt, overlag vyrdlaust,
plent som det høvde aat den Lurven til Fatigforstandar
. . . Fanny kvakk upp ved Orde Fatigforstandar og
tok til aa lyde etter att.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0205.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free