Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
200
HJAA HO MOR
Ein Gong raaka ho Aas hjaa Magnesen; der song
han med’ Grete spéla, og Fanny var so aabruig at ho
snaudt kunde dylja det. Sidan hende det oftare at dei
var i Lag med Grete; det var som ho vakta paa, naar
dei var ute og dreiv. Og ho gjorde seg til for Aas,
so det var reint ufysi. Fanny totte Aas burde skyna
kor simpel Grete i Røyndi var; men han gaadde ikkje
det Slag; rødde med Grete plent som med Fanny, og
um nett dei same Ting; ho vart sinna Gong etter Gong,
og tok Hemn ved aa gaa Turar med Moe,
Lagerdrengen. Ein Sundag Fyrimiddag rødde Aas mest
berre med Grete; det var um noko Musik, som Fanny
ikkje kjende til; etterpaa baud han deim baae tvo med
seg paa Teatre. Grete sagde ja Takk; men Fanny
svara nei. Ho var so harm at ho knapt kunde styre
seg. — Uff, det var leidt, sagde Aas; skal De nokon
Stad av daa? — Ja, svara Fanny, eg skal vera med
Moe i Arbeidarsamfunde! — I Arb—? Aas spilte
Augo vidt upp. — Ja. God Moro i Teatre; adjø! —
Ho gjekk; det var so vidt ho klara Graaten.
I Røyndi kom ho til aa gaa i Arbeidarsamfunde.
Moe gjekk med, so viljug som eit Byböd; han var so
velsigna snild. Det var slett ikkje ille der nede. Det
var noko dei kalla „selskapeli Sammenkomst"; der
var Upplesnad, Musik, Song; sistpaa skulde det
jamvel vera Dans; ho raaka Kjenningar fraa
Aalmuge-skulen og fekk nye Kjenningar; det var hyggjelegt, og
ho kom i Godlag. Ho vart førd saman med ei ung,
kvik, vitug Gjente som heitte Helga Thorsen, og med
ein kvåt Kar av Namn Markussen — Markus Olivarius
vart han kalla; i Lag med deim og Moe sat ho i
Restaurasjonsrome og hadde Moro ei lang Stund.
Markussen var svært løgleg. Nærsagt mest naar han lo sjølv;
han lo so Take kunde lyfte seg fraa Veggine. Han
yvihøyrde ho i alle Lærdomsgreinir; i Landkunna
fekk ho det Spursmaale: kva heiter dei største Øyane
i Sverig? Ho visste det ikkje; han svara sjølv; Sveriges
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>