- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
201

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HJAA HO MOR.

201

största öer äro: Öland, Gottland och Hindöen i norra
Ocean ... det segjer Dr. Daniel Djurberg, rector Scholæ
och ledamot af kosmografiska societeten i Lund —
ahü-ha-ha-ha! Fanny visste ikkje kvar Hindøy laag, men
lo likevel; lo berre aat Markussen. I Maalkunna maatte
Fanny forklaare kva ho forstod med Norsk; daa ho
var ferdug og trudde ho hadde greidt det, sagde
Markussen: fullkomeleg rett, berre umvendt. Ha!-ha-ha-ha!
Jaso; so Frøken Holmsen ikkje var god Nordmann?
hadde ikkje Greide paa sitt norske Maal? Men so
kunde ho kanskje russisk? — Ikkje det? Ja men
russisk var og eit gjævt Maal; mest likso gjævt som
Landsmaale. Maatte han spyrja — torde han fraaga —,
kvar Frøken Holmsen stod helst i den politiske Striden?
Inginstad? Det var klent! Heldt ho kanskje med
Johan Sverdrup? — Ikkje det. So heldt ho med
Regjeringi daa? — Ikkje det, heller? ah! !-ha-ha-ha!
— ja men daa var ho Slingringsmann ? Der var ikkje
meir aa velja i; og han gav ei politisk Utgreiding
som fekk Helga Thorsen til aa segja at han sjølv var
Slingringsmann. Du er so ulideleg upartisk! skjelte
ho. Eg er Regjeringsmann, eg! svara Markussen. —
Aa Tøv, sagde Helga Thorsen. Det vart Ordskifte;
Fanny tok til aa forstaa sümt; Politik syntest vera ein
aalvorsam Ting; det var Aalmenn-baten det galdt;
Markussen hadde Rett; me kunde ikkje vera likesæle
um dette. Og so gjekk han Spretten, Medisinaren,
berre og gjorde Narr . . . Ein litin graaklædd mager
Kar kom og helsa og vart fagna som Kjenning av
Helga og Markussen; det var som det livna i det
skarpe, sturne Andlite hans daa han saag Fanny; i all
Verdi . . det var Student Uchermann! — Er det ikkje
Frøken Holmsen? Han helsa hjarteleg, og takka med
eit serstilt Tonelag for sist. Var det ikkje det eg
visste, at eg maatte raake Dykk att? smilte han. Smilen
hans var eit Grand skakk, men i denne Stundi reint
fornøgd aa sjaa til.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0207.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free