- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
202

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

202

HJAA HO MOR

Han sette seg hjaa Fanny, fekk seg eit Ølglas og
tok til aa røde um gamle Dagar. Mæle hans var
skralt og brast lett; han enda gjerne med ein liten arg
Fisteltone. Det er vel so vidt De hugsar meg, De,
sagde han; og endaa maa Gudane vita kva det hadde
vorti av meg, um ikkje De hadde vori! — Eg? lo
Fanny brydd. — Ja, det var vel Dykk uvitande, heldt
han fram med den skakt-lentuge Smilen sin; men den
Gongen daa den store Livsvoni mi brast . . . sæle
Far min hadde innbilt meg, at eg skulde bli ein Händel
eller Beethoven . . . hadde eg ikkje daa havt Minne
um den unge Valkyrja . . . som steig meg ung og
frisk til Møtes den Gongen og sagde: ikkje gjev Dykk!
. . . eg hadde sgu gjevi meg, eg! — Uff; eg var nok
ikkje rart til Valkyrje desverre. — De vart no til det
for meg. No liver eg paa Leivdine, gudbevars; men
eg liver daa; eg hev noko aa bry meg um og noko
aa arbeide for; og kva gjer det, um mitt eige vesle
Tilvære gjeng til Gruns; den einskilde Mannen gjer korkje
fraa eller til; Folkeframgangen, det er Saki.

Det var eit anna Folkeslag, dette; dei livde i ein
Heim som ho slett ikkje visste um. Ho maatte inn
der; ho vilde inn der. Kvardags-tøve var ikkje
ut-herdande, helst naar ein visste at der var noko høgre.
Men Gud, kor ho turvte Hjelp; Gud! um De visste,
kor faavis eg er! sette ho i. Det trur eg nok, sagde
han; paa Gjenteskulane lærer de vel ikkje anna enn
tenkje paa Gutane, veit eg! Ho raudna noko; det
kann De daa ikkje segja, meinte ho. Jau, nikka han;
dei lærer det ved denne gjenomførde Avstengjing.
Det vert lagt slikt eit Lag paa denne velsigna
Kyns-Skilnaden ... dei maa koma til aa undrast paa kva
det er for noko rart med Gutane, sidan dei ikkje maa
vera i Lag med deim. Og Forundringi avlar
Forvitin-skap. Det er likeeins med Gutane. Og Skulen skal
Skam ikkje hjelpe deim stort, for det meste! —
Kann-hende. — Det fyrste som maa gjerast er aa tyne heile

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0208.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free