- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
203

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HJAA HO MOR.

203

Skuleverke, heldt han fram. Hev De høyrt slikt Tull —:
fyriskrive ved Lov, at alle skal lære det og det, og
like mykje av det og det, og plent paa same Tidi og
same Maaten ... det er som dei gamle Underdoktarar,
som gav den same Lækjedomen for alle Sjukdomar og
den same Mengdi for kvar sjuk . . . probatum est!
sagde dei; jagu var det probat! — Men var det fritt,
so vilde mange inginting lære. — Dei som inkje vil
lære skal vente til Trongen kjem; daa skaffar dei seg
sjølve den Kunnskapen dei hev Bruk for. Det einaste
eg kann segja eg veit, hev eg lært meg sjølv lengi
etter eg vart fri Skulen. (Aa Gudskjelov; so kunde
ho og, kannhende . . .) Og ingin skal faast med aa
halde Skule utan den som hev Kall til det. Eg hev
i mine Dagar kjent ein einaste Lærar som var Lærar.
— Eg hev visst og berre kjent ei, naar eg skal tenkje
meg um . . . Fru Kahrs paa Kristiansborg; kanskje
De kjenner henne? — Var det ikkje ho, som vart
sett paa Dør? — Ho kom i Ugreide med Presten der
uppe, trur eg. — D’er greidt! sagde han med sin
skeivaste Smil; finst det noko i dette Lande som der
er Vonir i, utan at Sogo um det sluttar med dei stutte
Ord: men so kom Presten?! — Mæle hans kom burt
langt upp-i Fistelen.

Han gløddest upp yvi det at ho stod i Krambu;
den største Voni me hadde no var, at Kvinna kunde
taka til aa bli sjølvstendig. Enn all den gilde Krafti
som laag unytta der. Gjæv, stor Kraft, som dei ikkje
hadde visst aa brüka til anna enn Matlaging og
Hose-bøting. Og so til aa „gjera Live fagert" for oss
Mann-folki, som jagu kunde vers’god halde Live vaart fagert
sjølve. Aldri hadde det vori gjort større Nedvyrding
enn mot Kvinna, sagde han. Ho hadde vorti tilsulka,
nedtrakka, utskjemd; dei hadde demoralisera henne
fraa Grunnen av, bruka henne til Leike, Lastdyr, Frille;
altid brüka henne; aldri lati henne faa liva sjølv; aldri
gjevi henne Lov til aa vera Menneskje . . . Uchermann

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0209.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free