Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
204
HJAA HO MOR
tala seg varm; Helga Thorsen blanda seg inn med
djerve Ord; nye Utsynir opna seg for Fanny til alle
Kantar. Aa, som ho hadde vori innestengd. Gud, so
armodslege, vesalle Tankar ho hadde havt um all Ting.
Som ei Gaas og ei Jaale hadde ho livt; ho hadde ikkje
havt Vitring um nokon Ting, ikkje um sin eigin
Vyrdnad dessmeir. Det hadde nok meir paa seg aa vera
Menneskje enn ho visste um. Aa, so sæl ho var, som
endeleg hadde funni Folk; ho fekk gaa i Skule hjaa
deim no; her stod ho framfyri det høgste; det kjende
ho paa seg. —
Dagen etter raaka ho Aas; han var aldri det Slag
tykkin; tenk; ho kunde ikkje so mykje som faa han
aabruig. Han lagde i Veg med sitt vanlege Snakk;
ho totte mest ikkje det var noko Moro: eg skal segja
Dykk, eg hadde ikkje noko vidare aa gjera i Efta; eg
gjekk og trøytte Tidi til Klokka var so fem; daa kom
eg endeleg paa noko som der var Meining i; du kann
daa gaa upp til Gabriel, segjer eg til meg sjølv; ja
som sagt so gjort; eg gjekk upp til Gabriel; men daa
laut eg vel bisne, kann De tru; tenk! han var heime.
Men det hadde sjølvsagt sin Grunn; Svine var ikkje
uppe endaa. Nei daa; laag og sov som ein
Kvelp-unge. Naa; so jeiste han lite paa Hovude daa, og
skulde sjaa kven det var som kom; og daa han saag
det var eg, so sagde han sjølvsagt: jeis til Helvlte;
kom og vej med, segjer eg ... ho høyrde ikkje etter
lenger. Det var greidt! — der kom Grete. Han vitta
til henne som vanlegt; Fanny vart sinna; paa heile
Heimvegen sagde ho ikkje eit Ord. Seg meg, hev De noko
aa gjera i Kveld, Frøken Holmsen? spurde Aas. Ja;
eg skal i Arbeidarsamfunde! svara Fanny. — Ish, so
ulidande som De hev vorti daa! Og so dette ufysne
Arbeidarsamfunde!
Ho var ofte sinna paa Aas, og kom dermed til aa
ferdast mykje hjaa sine nye Kjenningar. Ho vart bedi
med i „Ungkarslagi" hjaa Helga Thorsen, der Ucher-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>