Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HJAA HO MOR.
205
mann au kom; det var dei gildaste Folk ho noko-sinn
hadde kjent. Og dei hadde Moro, endaa der var Aalvor
i Leiken. Naar ho so raaka att Aas, kunde ho mest
ikkje like han. Snakke hans høyrdest flatt; og denne
Spretteferdi hans var utekkjeleg. Men søt var han og vart
han; ho kunde ikkje gjeva han upp. Ho burde visst
gjera det; Gud, som Helga Thorsen vilde vanvyrde
henne, um ho visste at ho gjekk her og lét seg gjøle for
av slik ein Sprett! Men ho kunde ikkje; ho fekk heller
freiste aa gjera han betre. Uff; kann De no ikkje vera
litegrand aalvorsam daa, Aas? Kvi skal De stødt gjera
Gjøn med allting? — Han svara med Fjas. Ho freista
med Aalvorstale; ho ordskiftest med han; det var ikkje
sant at Johan Sverdrup var ein Taburetjagar; det var
ikkje sant at Vinstre berre tenkte paa si eigi Torv;
det var Folkebaten, Folkeframgangen ... — Nei men
eg vil daa ikkje tru, at desse katilinajiske Eksistenser
uppi Arbeidarsamfunde øydelegg Dykk, Frøken? De er
daa eit upplært, vitugt Menneskje? — Nei men seg
meg beintfram, Aas: er det inkje noko som kann gjera
Dykk aalvorsam? — Hm . . . det maatte vera um
eg kom ut for slikt eit politisk Fjuentimmej fraa
Arbeidarsamfunde ... — Uff!
Han lagde seg til ein ny Eid: dersom det og det
ikkje var so og so, „kunde ho kalle han ein
Stojtings-mann!" Eit nytt Stykke paa Teatre var so keidsamt,
at han fekk Tæring i Ryggen av det; det var „næsten
likeso kjedeli som Politik". Naar han hadde lesi trutt
ein Dag, so sagde han at han hadde lesi seg „saa
mærra dum, at han ved Gud kunde være i Stand til
at disputere om Statsrøddernes Adgang til Stojthingets
Fojhandlingej!"
Det saag vonlaust ut. Kva Slag Ægteskap skulde
det bli, naar dei ikkje kunde hava sams Hugmaal;
Helga Thorsen vilde nok vita kva ho skulde kalle
Samlive deira daa. Ho plaaga han med Aalvorsspursmaal
so han vart reint uppraadd; tala um Folkeuppseding,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>