Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
206
HJAA HO MOR
um Fridomens adlande Magt, um Byraakratie som laag
yvi Lande som ein Drake ... Aa nei men Frøken
daa, bad han; seg, at De ikkje skynar det, Frøken!
Ho vart heit, arg; han skulde høyre; han skulde
forstaa; han slog ifraa seg: aa nei, aa nei; seg, at De
ikkje skynar det; berre seg, at De ikkje skynar det!
Nei men no skal eg fortelja Dykk noko som hende
meg ned hjaa Skræddaren; eg skal segja Dykk: han
veit og um den fine Gjenta eg hev funni meg fat
paa ... — Adjø! sagde Fanny og gjekk; han vart
attstandande midt i Setningen sin reint klumsa.
Det drygde eit Bil fyrr han kom att; ho tok til aa
bli uroleg. Endeleg kom han til Synes ein Kveld;
daa lét ho dei store Spursmaali vera, og han fekk
tøve som han vilde best. Daa dei var komne til Porten,
bad han henne fylgje eit Stykke til; ho var daudende
trøytt, men gjekk med. Han rødde og rødde. Sistpaa
fortalde han ei Sogu som var noko drjug; ho gav han
Sneidord for dette; han sagde at ho var snerput; det
totte ho var vesalt av han; ho kom paa Graaten. Daa
slog han Armen um henne og vilde kysse henne. Ho
reiv seg laus og grét endaa meir; det hadde eg ikkje
venta av Dykk, Aas! — Paa Attvegen gjekk dei og
tagde. Ved Porten spurde han henne svært aalvorsamt:
skal det vera so daa, Fanny, at me skal skiljast Uvenir?
— Herre Gud, det var taapi av meg, dette; men sant
aa segja visste eg ikkje kva eg skulde gjera for aa
faa Dykk blid . . . Herre Gud, lat dét vera gløymt
no, Fanny; lat oss skiljast Venir. Kjære Dykk
daa? —
Ho drog han innanfor Porten, slog Armane um
Halsen hans og gav han ein lang, lang Kyss. So reiv
ho seg laus og tok Sprange. Aa, no, no ... no var
Lagnaden hennar avgjord. No fekk det koma som det
kunde. Gud! kor skulde det gaa . . .
Ho venta paa han med Oe og Otte heile Dagen
etter; han kom ikkje. Dag etter Dag venta ho; nei.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>