Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HJAA HO MOR.
207
Joli kom; Joli gjekk; han maatte vera burtreist. Men
at han ikkje skreiv, um so var?
Ein Kveld daa ho kom heim, sagde Mor hennar:
jau du er ei som veit aa stelle deg du. No hev Aas
trülova seg med Grete Magnesen! — Aa jau! Det er
greidt det kunde ikkje bli noko av det med deg og
slik ein rett Herre . . .
XVIII.
Fanny syrgde ikkje; langtifraa. Ho grét i einslege
Stundir som fortapt; men det var berre av di ho
arga seg.
Stor, vaksi Gjente paa snart tjuge Aar, og so lata
seg jukse so jammerleg! Og det av slik ein vanleg
Sprettfyr! Det var so ho kunde rive seg Haare av
Hovude.
Framum det, framum det! Ikkje tenkje paa det;
ikkje hugse det! Barnetull, Ball-Elsk; ho fekk sjaa til
og bli vaksi no; det kunde ved Gud ikkje vera for tidleg.
Ho kasta seg med Ofse inn i sitt nye Lag fraa
Arbeidarsamfunde; søkte seg Hugmaal, noko aa liva
paa; elda seg upp for Statsraadssaki, Røysteretten,
Lands-maale; høyrde politiske Foredrag og las „Verdens Gang".
Men mest vart ho uppglødd for Kvinnesaki; det var
og vart den største Tanken i det nittande Aarhundrad.
Underleg nok hadde Helga Thorsen gift seg. Markus
Olivarius og ho hadde komi til Lags. Dei andre fann
seg i det; Mark Oliv var eit Undantak millom Mennar;
og Helga Thorsen hadde beintfram ikkje havt nokon
annan Utveg. Det var noko alle visste, at ho ikkje
kunde faa Post; ho hadde god Eksamen fraa
Lærarskulen, men var Fritenkjar og Vinstremann; og det
hadde dei Greide paa i Skulekommissjonen. Men um
Helga var burte, so var Dagmar Dyring att; og den
heilage Elden var ikkje sløkt; Ungkarslagi heldt seg.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>