Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
208
HJAA HO MOR
Dagmar var framifraa. Endaa ho var reint ung og
svært ven, hadde ho ikkje noko av det Jaalelage som
sermerkte unge Gjentur elles; ho var fullvaksi,
full-ferdug, trygg, heil. Ein kunde lite paa Dagmar Dyring;
naar ho sagde at ho ikkje vilde gifte seg, so meinte
ho det. Aldri i Verdi gav ho fraa seg noko av sitt
Sjølvstende; aldri bøygde ho Nakken sin under Tvingsla.
Mennane vilde at Kvinna skulde vera „kvinneleg".
Berre kvinneleg; det menneskjelege vilde dei Karane
hava for seg sjølve. Vaaga ei Kvinne seg til aa hava
ei Meining, so vart Mannen galant eller grov: Frøkni
hev altid Rett! ... er det Rokkehovude som røder?
— Paa slike Vilkaar lét det seg ikkje gjera aa gifte
seg; me hadde fengi nok av det kvinnelege, me Kvinnur.
Liksom det fanst noko serskilt kvinnelegt! Liksom
ikkje me var Menneskje likso heilt og fullt som dei!
Det var eit klokt Slag, desse Mannfolki. Dei ol oss
upp til Kokkegjentur eller Pyntedokkur, til Vas og til
Javl, og so sagde dei: slik er Kvinna! Og so skulde
Kvinna sjølvsagt halde seg innanfor si „naturlege
Avgrensing" !
Dei var urolege for Overtake sitt; det var Tingen
Det var slett ikkje visst at me var styvnare enn dei,
naar me fekk den same Upplæring; det visste dei;
difor var det at me ikkje skulde hava Lov til aa tenkje
paa anna enn Barnealing og Kjøkenstell. Dei visste kva
dei vilde; som vel var tok me og til aa vita kva
me vilde; me fekk andre Ting aa tenkje paa no enn
Matlaging.
Ægteskape som det no var stelt var ei Avvyrding
for Kvinna. Fraa den Stundi ho var vigd var ho ikkje
eit Menneskje for seg sjølv lenger; ho var Mannens
Attpaasleng og fyrste Tenestgjente . . . um elles den
fyrste daa. Ho tapte tilmed Retten til aa hava
Eigedom; vart lovleg umyndig. Um ho fyri Vigsla aatte
ein Million, etter Vigsla kunde ho utan Mannens Løyve
ikkje raade yvi ei Krone. Ho laut beda Mannen um
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>