Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HJAA HO MOR.
209
kvar Skilling ho skulde hava; var Pascha i Ulag maatte
ho gjøle, bruka Knip, lirke seg fram med Lygn, eller
beintfram stela. Sjølve Namne sitt miste ho; raakande
nok! Ho var ikkje noko lenger, og turvte ikkje heite
noko heller daa. Ho var berre Fru den og den,
Blytekkjar-Ingeborg, Skulemeistar-Else, Fru „Pastor"
Løchen, Fru „Redaktør" Klem. Namnlaus og rettlaus
vart ho smett inn i den „kvinnelege" Baasen sin, der
ho kovna i Matsutir og Klædebøting; han hadde Verdi
for seg; ho skulde passe Gryta. Og so gjekk dei og
gjølte for oss etterpaa alt; gav oss Englenamn og likna
oss med Blomar; vart dei fulle heldt dei Talur for oss:
naar me er saman soleis i eit festlegt Lag, bør Kvinna
ikkje bli gløymd ho heller . . . svært naadigt! . . .
for kva var me vel utan Kvinna? — kva var „me"
ja; det var det som var Spursmaale.
„Ei trygg Framtid" var det me skulde faa att, naar
me soleis hadde ofra heile vaart sjølvstendige Tilvære.
Dei sagde det. Med eit Livebrød skulde Likam og
Sjæl til ei Kvinne vera betalt; den Raaskapen sputta
dei oss beint uppi Andlite. Ja so fekk me vel den
„trygge Framtidi" daa? — Aa jau. Ein god Dag
spéla Mannen upp. Eller han vart sjuk; eller um han
døydde ... so sat Kona der med dei hjelpelause
Borni. Armodi kom; Naudi og Vesaldomen melde seg;
kvar helst var daa Trygdi? — Ho fekk lite paa
Vaar-herre, sagde Presten; ho fekk gaa til Fatigkassa, sagde
Juristen; det var Trygdi; soleis var Lovi; dei hadde
gjevi ho sjølve.
Det var paa eit Raam kva Slags Mennar me skulde
faa; sjølve maatte me ikkje frie, maatru; Mennane vilde
ikkje bli brydde. Me skulde vera kvinnelege, me;
bljuge; me skulde vera Liljekonvallar, hange med
Ho-vude og ange, lokke Mannen til oss ved Angen vaar
. . . ish; det var so ufysi at ein kunde spy; uff! —
Kannhende var det ein skikkeleg Fyr som kom; det
kunde alltid raake. Men kanskje var det noko reint
14 - Garborg;. II.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>