Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HJAA HO MOR.
211
deim. Mennane hadde stelt det, og daa kunde ein
vita korleis det vart; dei skulde hava Konur, dei, og
daa maatte Kvinnfolki aldri faa det likare enn at dei
med Takk tok imot det fyrste det beste Mannfolke
som baud seg med Forsyrgjingi si. Og so lengi
Mann-folki raadde vart det ikkje annarleis heller. Nei; no
fekk Kvinna taka Saki i si eigi Hand. —
Bibelen deira var „Kvinnetvingsla" av J. St. Mill;
og det siste og høgste i Kunsten var Ibsens
„Dukkehjem". Helmer var Mannen, Mannen som han var
naar han var best; Nora var Kvinna som ho var i
Røyndi: den lempeleg og løynskeleg nedkjøvde, som
hadde Lyte, men ikkje andre enn dei Mannen var
Skuld i, og som kunde synde, men ikkje utan av
Kjærleik.
Skulde det vera Raad aa gifte seg, maatte
Ægte-skape bli eit fritt Samband av tvo frie, sjølvstendige
Menneskje som heldt av kvarandre, og forstod
kvarandre, og vilde liva for aa hjelpe kvarandre fram til
Fullvokstr. Slike Mynster-Ægteskap kunde vel knapt
bli gjenomførde no; Mennane var for raae, og
Fordomane for sterke. Men i Framtidi vilde Ægteskape
bli fritt; det sagde seg sjølv. Skulde kanskje Nora
vera skyldig til aa liva saman med Helmer, naar ho
saag, at ho dermed vart aandeleg øydelagd? — Fanny
totte dei vaaga seg vidt her. Men det var klaart at dei
hadde Rett; og so var det daa berre Tale um Framtidi.
Dei røykte Sigarettar og øvde seg i aa drikke Toddy
og tala karslegt; süma av deim, Fanny og andre, tok
til aa gaa med stuttklipt Haar. Dessverre hadde dei
ikkje Mod til aa gaa med Karmannsklæde. Men dei
bruka daa Karmannshattar, som dei sette Kvendesvip
paa med ei Fjør eller eit Band; og dei stod imot den
nye Moten med Pannehaar so lengi som dei kunde.
Tournuren, „Baksekken", forsaka dei; han var laatteleg
og usameleg; skulde ein endeleg hava han, so maatte
han ikkje vera større enn ein knytt Neve. —
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>