- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
212

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

212

HJAA HO MOR

— Det vart Uchermann Fanny heldt Lag med no,
paa Mannfolksida; det var ein som der ikkje var Spjaak
med. Friarvas var noko han aldri kom paa; hjaa
honom var ho fulltrygg; han var heilt ut Likemann
mot henne og Kammerat. Han gjorde henne kjend med
alle Dagsspursmaal, og gav seg ikkje fyrr han var stød
paa at ho forstod han. No fyrst tok ho til aa lære
og skyna. Gud, kor han hadde vavra og vasa for henne,
denne Medisinaren; aa, kor sæl ho var som hadde
vorti honom kvitt.

Endeleg var ho komi millom fint Folk; det var
forunderleg fagert og fritt og trygt. Dei gjekk ikkje her
og var Herre og Dame, Bele og Beledros, Hugsnikje
og Smeikjar; dei var Venir endefram, Menneskje som
livde paa sams Hugmaal. Dei tok Kjærleiken au som
ei Aalvorsak; kunde skjemte med han, men spotta ikkje.
Ingin gjorde Narr av Ida av di ho gjekk og dreiv med
Student Frigstad jamt. Er dei trulova? spurde Fanny
ein Dag; nei, svara Uchermann. — Dei held svært
mykje Lag? —Ja; eg trur mest dei finn kvarandre;
det vilde vera hugsamt og; det er fagna Folk baae.
Ja dette var Daning. Aa fy, kor det andre var simpelt:
gaa og leike Ulv og Lamb; lure paa eit Høve til aa
stela ein Kyss; og so gjera Narr og snakke halvstygt;
— nei; farvel, Aas; vel vere deg, Grete . . .

Uchermann laante henne „Hovedstrømninger" av
Georg Brandes; naar ein hev lesi den Boki, sagde han,
so forstend ein si Tid. Ho las; og Uchermann
for-klaara. Vidare og vidare Utsynir opna seg; den
Striden me var uppe i her var berre ein Lekk i
Stor-striden. Og Gudskjelov, alt, som var gildt og gjævt
hadde me med oss.

Jamvel Spursmaale um den frie Tanke kom upp;
snart-sagt alle skikkelege Folk var Fritenkjarar no,
etter som Fanny kunde skyna. Ho vart so djerv at
ho ein Gong bad Uchermann forklaare seg, kva
Fri-tenkjing i Grunnen var for noko.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0218.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free