- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
213

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HJAA HO MOR.

213

Uchermann forklaara. Ho fekk ikkje rett Greide
paa han; han var so svivin; det var vandt aa faa han
til aa segja Ja eller Nei. Han svara ikkje beintfram,
daa ho spurde um han trudde det var ein Gud til
dessmeir. Det kann hende at der er ein Gud, sagde han;
men visst er det at han ikkje er slik som Prestane
skildrar han. — Men me hev daa Lov til aa tru paa
ein Gud? — Ja Lov? Berre ein kann, so. — Kvifor
skulde me ikkje kunna? — Kann De tru paa ein god
og rettvis Gud i ei Verd som fløymer av Urett? —
Ja, men . . . det er daa ikkje hans Skuld det? —
Trur De ikkje det hender mykje vondt som kunde bli
avvendt, um det var ein som var allvitande, allmegtig
og god? — Ho kunde ikkje finne paa noko Svar med
same, og førde Røda inn paa andre Ting. Men
sidan pinte det henne, at Gud let so mykje vondt gaa
for seg, endaa han var allvitande og allmegtig. —

— Det vart ei skræmeleg politisk Tid; Norigs
Fridom stod paa Kast; Selmers Regjering vilde innføre
det absolute Veto. Men Fridomskjempa Johan Sverdrup
hadde i Storthinge gjort eit Framlegg, som skulde stogge
denne Meinraadi; og no vart det ikkje tala um anna i
heile Lande enn um Johan Sverdrup og Vetopolitiken.

Fanny drogst med. Johan Sverdrup vart den, som ho
glødde for. Det var ein Mann! Urædd, hugheil, utan
Tanke paa noko anna enn Folkefridomen, stod han der,
den gamle Generalen, graa etter 30 Aars Strid, men
endaa den yngste av alle, med Merke høgre og høgre
lyft i den aukande Stormen, med Ørneaugo roleg skodande
fram, med Handi ved Styre, haldande uruggeleg den
gamle Leidi; aa, han var stor! Og paa Vinnardagen
vilde han staa uppe paa Nasjonens høgste Plass roleg
som ein Gud, med det reine norske Flagg lyft, med
Folkejubelen fossande um seg; og han vilde peike ut
imot Framtidi og segja: Medborgarar, mitt Livsverk er
gjort; men der gjeng Vegen! I den Leidi ligg
Fridoms-lande! Eg naar ikkje dit; mine Dagar er talde; men

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0219.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free