- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
214

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

214

HJAA HO MOR

de skal naa det; berre hald saman, berre hald ut! Og
eit millionsterkt Hurra vilde svara han; Millionar av
Hjarto vilde banka han til Møtes; og som han stod
den Dagen, sigrande og byrg, med Profetsyne inne i
vaar Framtid, vilde han bli standande millom oss til
æveleg Tid, støypt i Malm, med alltid grøne Kransar
svingande um Sokkelen.

Det vart fælt aa staa i Kram bui no og tegja still,
naar Høgrekaksane fraa dei feite Bygdelag breidde seg
der og skamskjellte Johan Sverdrup, ynskte han til
Helvite, bad Fanden taka ’n. Junior, som vel hadde
høyrt eitt og anna um Fanny fraa Arbeidarsamfunde,
elte henne med Spursmaal og Spott: ho skulde ha
sagt, at ho heller vilde vera Frille til Sverdrup enn
Dronning til Oskar den andre; var det sant det? Og
naar Kongen var drepin og Republiken innførd, so
skulde vel Frøken Holmsen

„staa som en Napolibom
paa Landsens Kapitolibom
og laga taa Petrolibom
en Toddy til os hver?" —

Fanny vart so harm at ho fekk Graatridir; ho beit Munnen
sin til Blods og totte ho maatte faa Krampe; uff! uff!!
Gjev me maatte faa Revolusjon! so Lufti ein Gong
kunde bli reinska for all denne Raaskapen!

Men den fredsame Ilsnæs, Fyrstemannen i Krambui,
fylgde Fanny paa Heimvegen ein Kveld og tala Aalvor
med henne. Han vilde beda henne agte seg litegrand.
Gamle Houen hadde spurt at ho gjekk i
Arbeidarsamfunde; og han lika ikkje, at Folki hans for med
Politik. Sjølv var han god Høgremann, visste me;
og . . . ja, De forstend . . . Houen var ein rimeleg
Mann; men dei som handla der . . . ja, ho vilde vel
knapt tru det; men Arbeidarsamfunde var ein
Aalmann-stad; det hadde spurst, at ei Krambugjente til Houen
hadde Lag med dei radikale Damune der nede; og
fleire av Handelskjenningane til Houen, gamle Kjennin-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0220.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free