- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
215

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HJAA HO MOR.

215

gar som han korkje kunde eller vilde støyte fraa seg,
dei hadde laati paa at dei ikkje traatta sovori; lét han
Folk av det Slage bli standande i Bui si, so vilde ikkje
dei hava meir med han. De skal ikkje læ, Frøken,
heldt Ilsnæs fram; det er sant eg segjer; her er ei
politisk Øsing so det er stygt aa vita um det; og
Arbeidarsamfunde . . . Folk trur, at dei arbeider for
Republik og fri Kjærleik der nede ... — Ha, ha, ha!
— ... ja, eg kjenner ikkje til det, veit De; men
Folk hev den Trui. Høyr, Frøken, for Dykkar eigi
Skuld: lat vera aa gaa i Arbeidarsamfunde! — Fanny
vart uppøst. Ho vilde ikkje svike si Yvivitning for
eit Livebrød; Borgar i eit fritt Land vilde ho hava
Lov til aa meine kva ho vilde ... — Orsaka, Frøken;
det er ingin som taler um Yvivitning; den kann De
hava so mykje De vil; men for Skuld Forretningi bør
De ikkje leggje ho so fram i Dagen ... — Hev eg
ei Yvivitning, so stend eg ved ho! De trur De kann
bjode meg kva De vil, av di eg berre er ei verjelaus
Kvinne; men dersom Houen er ein slik . . ., at han
tek Posten fraa meg for Meiningar Skuld, so fær han
gjera det; eg kann fara til Amerika, eg; ja fyrr eg læt
meg tvinge til aa fornegte mi Yvivitning, fyrr gjer eg
Ende paa meg! — Eg trur De bør tenkje Dykk um,
Frøken, sagde Ilsnæs roleg; De stend ikkje aaleine
heller, veit eg; De hev ei Mor; um De ikkje bryr
Dykk um Dykk sjølv, so . . . Men det skil ikkje meg,
veit De; eg totte berre eg maatte segja ifraa ... De
tek det ikkje ille upp? — Godkveld, Frøken! Han
gjekk. Strakst etter høyrde han halvkjøvd Graating;
daa han snudde, stod Fanny med Lummeduken for
Andlite og grét so ho skolv. Eg . . . skal ikkje gaa
i Arbeidarsamfunde, sagde ho. — Det kann eg like,
svara Ilsnæs.

Men sidan kjende ho seg uærleg og torde ikkje
vise seg i Ungkarslagi hjaa Dagmar Dyring. Ho heldt
seg burte fraa Uchermann au so mykje som Raad var.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0221.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free