Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HJAA HO MOR.
217
av Hugløyse, daa ho gjekk og var hugsprengd i
dagevis, vraka og vanda av Gud og Mann, vesall og
raad-laus, paa Graaten berre nokon sagde eit godt Ord til
henne. —
Ho laut ein Dag segja Uchermann kor det hadde
seg, at ho ikkje kom i Arbeidarsamfunde lenger; daa
banna han Houen og Høgrekjenningane hans so fælsleg
at ho mest vart rædd. Henne sjølv orsaka han; naar
ein hadde Foreldre og sliktnoko, so var ein ikkje fritt
Menneskje. Ja desse Skyldskapsgreidur. Kor mange
tusund var det ikkje som aldri nådde sitt Livs Maal,
som maatte døyve sin djupaste Lengt og gjeva upp
sine høgste Hugmaal, av di dei hadde ein Tosk til Far
eller ei Jaale til Mor aa tenkje paa! I Grunnen var
det ingin uvitug Skikk, den dei hadde paa
Sudhavs-øyane, at naar Foreldri vart brysame, so slagta Borni
deim og aat deim upp; i Vissa var det ein vitug Tanke
som laag under, alt um ein kunde hava eitt og anna
aa segja paa Framgangsmaaten. Ho lo; i det heile
letta det aa faa Synds-tilgjeving. Men bøygd var ho
likevel; ho var ikkje frie Folks Jamlikar, kunde ikkje
staa inne for sitt Ord; ho var og vart usjølvstendig.
Dagstødt raaka ho Uchermann; det var alltid ei
Trøyst. Og so hadde ho Bruk for han til
„Middags-herre". Ho maatte eta ute i denne Tidi; og aaleine
kunde ho ikkje gaa utan paa Damerestaurasjonar; men
desse Restaurasjonane „hadde Namne sitt av, at ein
ikkje torde bjode Herrar den Kosten som der gavst";
og so trong ho Karmannsfylgje berre endefram til aa
sleppe aa svelte. I Arbeidarsamfunde fekk ein god
Mat til Damerestaurasjons-Pris; og eta i
Arbeidarsamfunde maatte ho hava Lov til. Men heiltut huglegt
var det ikkje aa gaa der, endaa um ho hadde Fylgje.
Naar ein skulde aat Matsalen maatte ein gjenom Kaféen;
der sat Kjenningar fraa den politiske Sviren og drakk
01; dei glodde paa henne so ho vart reint brydd av
det. Kvar Dag sat dei der, og kvar Dag stirde dei,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>