- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
218

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

218

HJAA HO MOR

meir og meir forvitne. Ho brydde seg ikkje um det;
det var greidt; men endaa —.

Uchermann gaadde visst ikkje etter det; han var i
Godlag no um Dagen. Han skjemta og lo; Smilen
hans var mest ikkje det Slag skakk; og Snippane hans
var heiltupp reine. Det var Sverdrups Siger den 9de
Juni som hadde yngt han uppatt, sagde han; den hadde
styrkt Trui hans og kveikt upp Mode; no var det
Meining i aa vera til.

— Dorthe Baltzersen reiste til Amerika. Fanny
flutte fram i hennar Post og fekk no 60 Kronur
Maa-naden. Det kunde turvast; Mor hennar og ho hadde
livt heller klent i seinare Tid.

I Daglegstogo i Trondheimsvegen var det fælande tomt
og utrivlegt, allvisst etter at Pianoe var komi burt;
Fanny gjekk paa Lausøyre-Auksjonar og kaupte ymist
til aa fylle ut med. Det høvde so godt, at ho ein
Gong fekk fat paa ein Ruggestol til billeg Pris; so fin
som Bestemor Lehmann sin var han ikkje; men
han var makleg til aa sitja i. So hadde ho likevel
paa ein Maate haldi det ho i Barndomsdagane lova
Mor si.

Til næste Aar eller so fekk ho tenkje paa Teatre
kanskje. Ho kom vel ikkje til aa kunna døy rolegt,
fyrr ho hadde freista seg, um ikkje meir. Uchermann
talde til det beste han kunde. Ho var som fødd til
aa syne fram Ibsens Kvinnur, sagde han; og vilde ho
fylgje hans Raad, so skulde ho til Fyrste-Verk velja
Svanhild i „Kjærlighedens Komedie".

Barndomskjenningen hennar, Gina Wiig, stod alt i
Bladi. Ho hadde spéla i Leipzig og andre Stadir, og
vart nemnd som „den unge begavede Pianistinde".
No skulde ho for fyrste Gongen halde Konsert sjølv
her i Byen. Fanny laante Pengar av Moe, so ho
kunde faa koma inn paa Treve; der sat ho og grét i
tvo Timar, kløkt yvi at det gjekk Vén hennar so godt.
Aa, so gildt som det var! aa, soleis maatte ho sjølv og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0224.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free