- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
219

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HJAA HO MOR.

219

ein Gong vinne. Dagen etter sende ho ein
Blome-bundel til Gina med ei Helsing; kanskje so Gina bad
henne til seg ein Kveld og fortalde henne um Utlande;
— sæle Menneskje som verkeleg hadde set Utlande!
Ho venta paa Svar i fleire Dagar. Endeleg kom der
eit Helsingskort; paa Baksida av det stod:

„Hjertelig Tak for Buketten og den venlige Hilsen.
Jeg skulde have takket før, men kunde ikke faa
op-spurgt Deres Adresse; jeg sender dette til Hr. Houen.
Endnu en Gang Tak!

Venskabeligst Deres

Gina Wiig."

–Uff, styvi; alltid styvi . . . Kva innbilte ho

seg? kva brydde den begavede Pianistinde seg um ei
Krambugjente ... Og tenk, „Z)e" ... aa Gud, kor
taapi ho var; Gud! kor taapi ho var . . . Ish, ho maatte
ut or Krambui. —

— Men ho vart standande der Tid etter Tid. Paa
den same Flekken, i den same Vonløysa. Greidde dei
same Kauparane paa den same Maaten; sagde kvar
Dag dei same Ting med det same søte Mæle og den
same tilgjorde Smilen. Drog seg kvar Kveld heim
same Vegen, framum Tukthuse, Fatighuse, Likhuse,
daudtrøytt, utmødd, halvt i Ørske; heim til det same
vonlause Lofte, til den same gamle Kjeringi som tok
imot henne med det same Gnaale eller det same
Slarve-snakk; og so ned i den vesle skrale Feltsengi . . .
det einaste i Verdi som var godt, aah! . . . og so
byrja fraa nytt av i Morgo att: upp halv sju, svevnug
og sint; slite paa seg dei same keidsame Klædi og
gnaga i seg dei same keidsame Braudbitane; gaa den
same vonlause Vegen til den same vonlause Bui med
desse same vonlause Hyllur og Skaap og dei same
trøytte, hügfallne Kammeratane. Og dette skulde halde
paa. Aar etter Aar, Tid etter Tid; Langsemdi saug
under Bringa som ein Sjukdom, tyngde yvi Aksline

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0225.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free