- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
220

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

220

HJAA HO MOR

som var det Krossen sin ho bar; ho gjekk kvævd og
kjøvd som inne i ei Myrkskodde.

Og so kom Vaaren. Det vart høg Himil og frisk
Sol; det regnde; Daam av Gras og Blomar og
sprettande Lauv kjendest langveges gjenom Lufti; Vaarty
og Sümarhattar kom for ein Dag; i Bladi lyste dei ut
Vaar-Rutur, Turistrandslar, Sümar-Hus, Badestadir;
Flytjelass ramla i Gatune; Folk skulde paa Lande, ut
i den luftblaae, sjø-glitrande Friheimen; ho grét av
Lengt, vreid Hendane av Sut; her stod ho, og her
skulde ho staa; og dette skulde vera Liv; dette skulde
gjelde for Liv, Menneskjeliv . . .

— Ho kom ikkje til Fru Gundersen. Ho hadde
ikkje Pengar og ikkje Mod; ho hadde berre Mor si . . .
Mor si, som var i Vegen allstødt. Dagane snikte seg
fram som Sniglar paa ein Veg; Timane var Endeløysur;
Minuttane draup burt eit for eit, seint og saart som
Taarur fraa trøytte Augo; Sumaren kom med Hite og
Talm; dei stod for opne Dørir og kunde ikkje faa Luft;
der var ikkje so mykje som eit Glas friskt Vatn aa faa;
det smaka lunkvarmt fraa sjølve Kranen. Uff, Moe,
stunde ho, forbarma Dykk yvi ein døyande . . . spleis
til ei halv 01 . . . det blir inga Raad med det; me
fær slaa oss paa Flaska!

Utetter Hausten vart ho klen. Det var ikkje nokon
vanleg Utrivnad; det var eit Talm reint for seg sjølv:
slitande, fæle Verkflagur i Underlive, venteleg det same
som Dorthe Baltzersen stundom hadde havt. Det var
verst paa annsame Dagar, naar ein jamt skulde laupe
upp og ned Stigane; um Kvelden, naar ein daudtrøytt
og øydelagd skulde stelle Krambudi i Skikk til i Morgo
att, kunde det bli so at ho berre sette seg ende ned,
reint klar, mest i Uvit, stynjande som i Barnsnaud
eller Bane. Joletidi øydelagde henne reint; ein Kveld
i Januar maatte dei sende henne heim i Vogn; ho
Mor vart so rædd at ho uvita mest, daa tvo Mann
kom halande med Fanny upp yvi Troppine.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0226.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free