Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HJAA HO MOR.
221
XIX.
Det var ikkje faarlegt; det turvtest ingin vidare
Operasjon. Ein Smaating, sagde Doktaren; det er snart
yvi-stadi. Er De trulova? — Nei; aah, Morfin, Morfin ...
— Ja for dersom De er trulova, maa me segja fraa til
Kjærasten. — Nei, nei; aah; eg herder det ikkje . . .
Ho var blaaflekkut i Andllte; paa Munnen kom Skum;
Verken var so fæl og Livrædsla tok henne so hardt,
at ho mest ikkje sansa.
Men daa det var yvistadi, skyna ho ikkje at ho
hadde kunna lata det gaa for seg.
Ho laag i Dagar og Nætar og stridde med ei Kjensle
av at ho var nedvyrd, mest vanæra; fy for ein
Vesaldom det var aa vera Kvinne. Der var ikkje Vit; ein
vart ikkje medfarin som Folk . . . Skjemsle og
Vyrd-løyse heilt inn i siste Stundi. Ein Brotsmann paa
Rettarstaden kunde venta Living av sine Kjenslur; er
Kvinne paa Sotteseng maatte eitt av tvo: talmast ihe,
eller gjera seg ubljug og lata seg handfara av kva
Mannfolk som helst som hadde ein Eksamen. Og det
vart ikkje annarleis; ingi Kvinne i Verdi hadde Mod
til aa staa fram og segja fraa um so saare Ting. Ho
vilde ikkje vera Kvinne! Ho vilde ikkje, vilde ikkje . . .
— Ho Mor tok til aa snakke um Tollaren. Slik
gjeng det, sagde ho; du kunde ha seti i di varme
Stogu, du, med Aaklæde paa Golve og tvo Gjentur til
aa stelle deg; men stort skal det vera um so
Bakenden heng ut ... no ligg du der. Eg tenkjer mest
du tregar paa det no, eg? — Fanny iddest ikkje svara.
Noko seinare kom Lea. Ho var hyggjeleg og venleg.
Thorseng vilde svært gjerne at du skulde koma upp
til oss no, sagde ho. Eg kann trengje Selskap, meiner
han; og du kunde vera til baade Hyggje og Nytte;
det er greidt du fekk fast Løn og kunde vera din
eigin Herre ... — Ja kjære, helsa Thorseng so mange
Takk ... — Eg vilde gjerne du skulde koma, eg og,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>