- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
223

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HJAA HO MOR.

223

honom; han skulde hava eit vtiugt, dugelegt Menneskje;
ikkje slik ei Jaale som ho var. Der er ingi Von for
meg daa? spurde han; det dirra um Munnen hans, og
Mæle var ustødt. Aa nei kjære Dykk, Moe, lat oss
ikkje tala um det; ver no vitug; De tek so reint i
Mist. — Det var ute i Skrapbui; Moe stod og studde
seg paa ei Kasse, halvt burtvend; med eitt kasta
han seg flat framyvi Kassa og stridgrét. Det var fælt;
ho grét med i si store Raadløyse; De maa ikkje taka
det so, Moe, bad ho ... De kann daa skyna . . .
dette vinn De nok yvi . . . — Eg vinn det aldri yvi,
hiksta han. Eg hev gjengi her og haldi av Dykk heile
Tidi ... no kunde eg bjode Dykk ... so vidt det
greidde seg ... aa, Frøken, eg skulde bera Dykk paa
Hendane! — Aa Gud, kor vondt det var. Men kva
skulde ho gjera; det nytta ikkje; dei var so reint
ulike . . . „Aa, De maa mande Dem op, Moe!" — Han
Hianna seg upp. Ver ikkje vond paa meg, sagde han
kavande; eg maatte segja det. — Ver berre ikkje De
vond paa meg, Moe! — Eg? Han smilte med bivrande
Munn og svelgde Graaten; eg kunde ikkje bli vond
paa Dykk, um De gjorde meg aldri so mykje vondt! —
— Fanny vart uppskræmd; vilde alt Folk bele no?
— ho tok til aa mistru sjølve Uchermann. Var det
berre den niande Juni som sette han i slikt Godlag
tru? Han tok jamvel til aa gaa med Mansjettar. Ein
Kveld daa dei var hjaa Markussen sagde Helga til han:
du yngjest reint upp att, du Uchermann! — Soleis er
det aa koma i ungt Lag, svara han. Det er rett,
nikka Markussen, ikkje sture; ta’ det med Ro og gaa
Møllergata; ah!! ha! ha! ha! — Uchermann saag Fanny
inn i Augo med ein smilande Blink og hermde Henrik
Wergeland: „klag aldrig under Stjernene over Mangel
paa lyse Punkter i dit Liv!" Ho kjende seg utrygg:
De er daa ikkje so nedpaa-komin at De tek til aa
fara med Gjøling, Uchermann? — Gjøling? Nei, men
De veit, at av sine Venir maa ein tola aa høyre San-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0229.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free