Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
224
HJAA HO MOR
ningi ... — I all Verdi, sette Helga i, Uchermann
gjer Kur! — Han maa vera full, meinte Fanny. —
Ah!!-ha-ha-ha! — Ja, men endaa klarar eg ein Slurk
. . . skal me drikke Du’s, Frøken? — Ja gjerne . . .
Paa ærlegt Kameratskap daa, du, og ingi Gjøling! —
Nei; berre Sanningar . . . Skaal, du! — Han drakk;
handtokst so med henne høgtidsamt.
Det vilde vera vondt, um denne framifraa gilde
Guten skulde —; ho heldt av han, men ikkje paa den
Maaten. Kor det kunde hava seg? Gud veit ... Ho
tok til aa verja seg mot han. Ho sagde at ho var eit
laakt Menneskje; av laak Ætt, klent upplærd, umogeleg;
det einaste som gjorde at ho kunde hava Vyrdnad for
seg sjølv var den faste Fyresetning ho hadde, at ho
aldri vilde gifte seg; so vart daa ingin annan usæl ved
henne; det fanst ikkje Menneskje som kunde tru kor
laak ho var. Han svara med Lovord. Priste henne,
for ho var frisk og naturleg; det er nettupp det beste
ved deg, det, at du er so lite upplærd! Ingi Formir,
ingi Fordomar, ingin Skule, eit fritt, hugheilt
Naturbarn . . . Veit du kva Hellenane kalla Kjærleiksdisi?
Anadyomene . . . den som er dukka upp or Have . . .
Du hev dukka ung og frisk upp or sjølve Folkehave.
Far din, — ein vill, agalaus Røvar, eit Skogtroll, ein
Nykk fraa dei store Upplandsvassdrag; og Mor di? —
ei Sydame, ei Pedersen, Vén med Gamle-Kari; ho
kunde ikkje lære deg Damebragdir eller aga ditt
trassige Sinn! Og med alt dette er du gaaverik, framhuga,
elt av denne Trong etter aa naa det høgste; du er so
mykje av Framtidskvinna som Notidi kann skapa fram!
— Seg meg, veit du . . . for meg er heile du i det
. . . Veit du at du hev slikt eit lite løglegt, trassigt,
gutelegt Kast med Nakken ... eg skulde kjenne deg
millom Tusund, berre eg fekk sjaa denne stolt voggande,
fribörne Nakken ... — Aa, eg hev visst altfor mange
Ugjerdir som eg ikkje veit av. Uff; eg er so
umogeleg, so umogeleg; eg er ikkje noko Menneskje; tenk
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>