- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
226

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

226 HJAA HO MOR

Haare, dei store djupe Augo . . . Kvinnfolkvas . . .
det var greidt ho var ei Gutesprengje; Faavisa si hugsa
ho aldri! —

Ho dreiv i Lag med Uchermann sidan som fyrr,
all-stødt utrygg, allstødt i Sjølvverjing: sæl kann eg vera,
som hev fengi slik ein Kammerat som du er; me Kvende
fær mest aldri samtala vitugt; vaare Medkvende er for
det meste likso styvne som me er sjølve; og Mennane
. . . bed me ein Mann forklaare oss kva Matematik
er, so trur han strakst me er hugtekne i han;
kvi skulde me faast ved han elles? Det er daa ein
sjølvsagd Ting, at eit Kvinnfolk ikkje kann bry seg um
aa lære noko. Og so kjem han daa med denne
velsigna Friingi si; og Gud! som han blir fortustra, um
han fær Nei. Kvi gjekk De og gjorde Dykk til for
meg daa? spyrr han. Nei; du er ein Fagna Kar,
Uchermann, eit Sersyn bland Mannfolk; i Lag med
deg tarv ein daa kje ræddast for aa bli mistekin! —
Han svara ikkje noko vidare.

Men med eitt kunde han bli reint urimeleg sturin.
Han bar seg yvi Live og Tilvære; skyna ikkje kvi han
gjekk her og dilla; han dugde til inkjenoko; aatte kje
Livsmod. Eg eggjer meg upp til aa ha det, sagde han,
av di eg ikkje hev Daudemod heller; det er altfor fælt
aa sjaa den svarte Vonløysa beint inn i dei tome Augo;
men eg hev ikkje Samanheng med Live paa nokon
Kant; eg gjeng berre her og spøkjer i Grunnen. Ho
trøysta han med Politik og store Spursmaal; no fekk
me Riksrett; so vart Bakstræve kjøvt; og so var der
inkje meir som kunde stogge Folke paa Framstigsvegen
. . . Eg gjev Fanden i Politiken, svara han.

Naar han sytte og bar seg paa „eg", jamna ho det
ut til „me"; me hev det so alle; Live er ikkje
ut-herdande for nokon av oss; Gud veit, kva me i
Grunnen gjeng og Hver etter ... — Du forstend meg ikkje,
sukka han. Uff; berre ho ikkje forstod han altfor godt.
Aa, som det var umögelegt og raadlaust. —

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0232.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free