Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HJAA HO MOR.
227
— Ebba Lehmann, Venen fraa Barnedagane, kom
til Kristiania; ho var Lærar og hadde fengi Post paa
Aalmugeskulen. Ebba var den same som fyrr,
svart-hærd og hugdjerv; Andlite hennar var fint og bleikt, men
greidt, og Augo gløgge; ho var ven i Grunnen. Fanny
førde henne og Uchermann ihop; tenk, um han kunde
hugleggje henne! —
Ebba var Høgremann, men heller fritenkjande; det
hadde ho lært av Far sin, sagde ho. Ho var frigjord
i Kvinnesaki og. Ho hadde lesi „Kvinnetvingsla" og
„Hovedstrømninger" og trudde ikkje paa noko anna
enn den frie Kjærleiken ... ein Gong i Framtidi,
skynar du! — Ja no duger me ikkje til det. — Nei
det er visst; Gud! som me er ræddhuga!
Daa ho høyrde at Fanny endaa ikkje hadde gjevi
upp Teatertanken — „ikke helt" —, sette ho i: naa;
so skal eg daa ved Gud endaa faa gjort ei god
Gjerning! — Dagen etter kom ho dragande med ein ung
Gut som nett no gjekk og las hjaa Skodespélar
Isach-sen; den unge Guten vilde „med Fornøielse dele sine
Timer med Frøkenen"; paa den Maaten kunde ho faa
lesa fritt; „seg so, um eg ikkje er din gode Lagnad
Fanny!" — Fanny las upp att „Kjærlighedens
Komedie" og lærde dessutan ei mindre, lettare Rolle; fylgde
so med til Isachsen og lét seg prøve; so kunde ho faa
høyre ein kunnig Manns Dom, um ikkje meir.
Isachsen prøvde henne baade lengi og vel. Han lét henne
segja fram mest alle Hovudreplikane til Svanhild; ein
av deim lét han henne segja upp att: „Jeg var en
hjemløs i min Moders Hus . . .;" so bukka han og
sagde: det skal vera meg ein Hugnad aa lesa med
Dykk, Frøken; men eitt maa eg segja Dykk. Naar ein
skal til Teatre, so bør ein helst vera reint ung; dei
fyrste Vanskane er so mange, og Teaterlive er so
mykje annarleis enn ein gjerne drøymer seg det, at
ein treng heile den fyrste Ungdoms Eldhug og Tru,
um ein skal halde ut. De kjem til Teatre i ein heller
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>