Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
228
HJAA HO MOR
mogin Alder, Frøken; men som sagt: hev de Mod, so
skal eg gjerne hjelpe, det eg kann. Fanny vart
oske-graa. I Grunnen hadde den fine Mannen paa sin
høflege Maate sagt henne det ho burde ha visst sjølv:
at ho var for gamal.
Ho gjekk heim og grét yvi den brostne Draumen
sin; no var han brostin for Aalvor. Ho aatte ikkje
Mod; ho hadde berre Tvilsmaal. Ho vilde ikkje so
mykje som tora fortelja Mor si slikt som at ho tenkte
paa aa segja upp Posten sin og vaage seg ut paa det
uvisse; ho var vel ingin rett Kunstnarnatur. Farvel,
farvel. Ho dugde til inginting. Fekk staa, der ho stod;
staa og folne i Krambui til dess ho ein Dag vart nøydd
til aa gifte seg med ein Vadsekk; det var Lagnaden
hennar; ho saag det tydeleg.
Det vart Natt um henne; myrkt fyri og myrkt bak.
Inkje noko aa gleda seg i, inkje noko aa vonast.
Lüneridine tok til aa bli faste no. Dei kom med
eller utan Tilhøve, ofte saman med visse kropslege
Ugreidur som kunde faa henne til aa banne sitt Kyn;
ho gjekk og grét i dagevis av berre Hugverk, berre
uviss, uvitug Otte, aalmenn, grenselaus Vonløyse.
Alt Folk vart keidsamt; ho trotta kje Dagmar Dyring
dessmeir. Dagmar var eltesam med sitt endelause
Mannfolksnakk. Desse Mennane, desse Mennane . . .
Herregud, kva hadde dei gjort henne, desse Mennane,
tru? Dessutan var ho ikkje fri for aa vera lite stiv.
Ho totte visst ikkje at slik ei Krambugjente retteleg
høyrde med til „oss Kvinnur" ; sjølv skulde ho no
taka Artium.
Eit Kvinnesaks-.Lag vart skipa; daa livna Fanny
upp att eit Bli. Endeleg skulde det daa bli meir enn
Snakk; endeleg skulde me faa arbeide for det me vilde.
Ho skreiv seg inn. Men daa det bar til Stykke
kunde ho ikkje faa vera med; Samlage hadde sine
Møte Klokka seks, midt i den stridaste Arbeidstidi
hennar. Uchermann var og med; honom fekk ho til
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>