- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
231

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HJAA HO MOR.

231

og Vonir um eit Liv etter dette kunde ho aldri gjeva
fraa seg. Men kvifor Gud lét so mykje vondt hende? —

Det vonde skulde tena Guds vise Fyrimaal, det med,
sagde Løchen. Men naar Fanny saag Emilie Lund
flogse um paa Gata i ein meir og meir uægte
Damehams og med eit meir og meir tilgjort Mod i dei
folnande Andlitsdrag ... No var Karoline og komi paa
Gata. Og naar Fanny tenkte paa seg sjølv —; dersom
Gud ikkje hadde vori god mot henne og haldi
Freistarane burte fraa henne i vonde, modlause Tidir, kor
snart kunde det ikkje vori gjort med henne og? Kor
kunde det ha seg, at Gud ikkje hadde vori likso god
mot Emilie og Karoline?

Sut og Saknad vart sent oss til vaar Sjælebate. Ja
men det vart ikkje til Sjælebate. Tvertimot; dei som
hadde det verst vart dei mest agalause. Kor kom dei fleste
Brotsmennane fraa? Kor var det mest med Drykk;
kor var Raaskapen verst; var det Rikmansdøtrane som
kom i Piperviki?

Uff nei; ikkje tenkje. Gud fekk hjelpe henne; han
sat der uppe og saag Tankane hennar ... uff; kor
skulde ho halde Live ut, dersom ho miste Voni um
aa faa det betre sidan? — Men kvifor skulde ikkje
alle dei andre og faa det godt sidan ... hu nei; ikkje
tenkje; ikkje tenkje . . .

Dei andre som gjekk paa denne Skulen, var kvinnelege
so det var ingi Gjerd. Det var raadlaust aa tala med
deim. Ho skræmde deim no fraa seg au ein Gong, so dei
kom ikkje att meir. Storthinge hadde sett Riksrett mot
Selmers Regjering; Folke var kløyvt i tvo Flokkar som
skamskjelte kvarandre; endaa paa Gjenteskulane vart
det tala Politik; Fanny fekk ein Dag det Spursmaale,
um ho trudde nokon Vinstremann no, etter
Riksretts-avgjerdi, kunde vera anna enn ein medvitin Kjeltring.
Fanny var fælt rædd av seg i denne Tid. Ho livde paa
laante Pengar; og tenk, um ho so til siste Slutten ikkje
skulde faa Post! Men den Gongen vart ho harm og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0237.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free