Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
232
HJAA HO MOR
og svara: ein kunde vel likeso godt tvila paa um det
var skikkelegt Folk dei, som truga Norigs Storthing
med svenske Bajonettar. Dei andre drog Stakkane
innum seg og rømde. Sidan gjekk ho aaleine i Flokken;
ho var Vinstrekvinne.
Ebba Lehmann vart mest den einaste Trøysti Fanny
hadde. Naar det vart altfor vondt aa vera til, berga
ho seg upp til Ebba og drakk Bokk-øl. Og so hjelpte
dei kvarandre med aa tykkje langt. For Ebba hadde
det og langsamt. Reint forskræmeleg leid av seg var
ho; Hugløysa kunde taka henne so hardt, at Fanny
vart heiltupp forstøkt. Live var berre Lygn. Det fanst
ikkje Hugnad; for oss Kvinnfolk fanst det ikkje Moro
heller. Mennane vilde ha alt for seg sjølve, like til
Drykkjestogo; ikkje aa nemne at dei vilde hava
Eineretten til aa drive Kjærleiksfjas. — Likare Postar?
Aa langtifraa. Det me trong um var Fridom til aa liva;
men um me fekk den, so torde me arme, ræddkulsne
Stakkefolki ikkje bruka ’n; det var ingi Raad med oss.
Det var eit fælt Mistak med dette Kvinnesaks-tøve;
Kvinna kunde ikkje klara Live, mindre ho var styvi;
olje, heste, pylse styvi; difor skulde ho ikkje lære nokon
Ting; ho skulde bli ali upp til Husdyr og Manninne
og til aa hyggje seg i all den Ufysa som fylgde med
aa vera gift; ish ! Hu! so urett som det var av Gud
aa gjera sume til Kvinnfolk.
Ein Kveld tok Ebba fram or Kommoden sin ein litin
staalblank Ting . . . kva i Guds Namn ... ein
Revolver! — Uff! Gud hjelpe deg, Menneskje, han er
vel ikkje ladd?! — Du vene, vesle Vénen min, kjælte
Ebba, du einaste som er trugin, du einaste som veit
Raad ... — Er han ladd, spyrr eg?! — Hyss daa,
Fanny . . . sjaa paa han; er han ikkje søt? — Ho
lagde han ned att: jau du kann daa vita han er ladd;
det er det som er det gode ved han, veit eg!
Men til andre Tidir kunde Ebba vera reint overlag
lystig. Og naar dei tvo Vénine var i Godlag, til-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>