Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HJAA HO MOR.
233
stod dei for kvarandre, at det som var det harmelegaste
av alt var, at i Grunnen var dei slett ikkje livsleide;
berre lite meir Moro, lite meir Fridom . . . berre hava
nokre fullgode Kammeratar, som ein kunde drive med,
danse med, gantast med; berre ein kunde slaa sig lite
meir laus, drikke lite meir Bokk, ikkje vera so
jammer-leg bundne av Fordomar og Ræddhug . . .
Og so berre det kunde hende eitkvart ender og daa!
sagde Fanny; veit du, eg ynskjer mest at me maatte
faa Revolusjon; so hende det daa noko! —
— Det hende Fanny noko fyrr ho vardest. Ho kom
heim ein Kveld og var glad.
XX.
Gabriel Gram hadde pint henne i alle desse Aari,
fyrst som ei Gaate, sidan som eit Samvltsagg.
Ho hadde tenkt gali um han, og ho hadde fari faavist.
Han maatte tru at ho var ei av dei styvnaste i heile
Kristiania. Naar han raaka henne paa Gata helsa han,
høflegt, men liksom avverjande: skyldig Vyrdnad,
Frøken; men Dykk er eg ferdug med! — Uff; og han,
som visst var eit svært forvitnelegt Menneskje.
Den Samrøda som dei ikkje var komne ut med sist,
for Faavite hennar, den kunde ho no hava Hug til aa
taka upp att. Han hadde sagt noko som ho den
Gongen ikkje hadde tort høyre dessmeir; no skulde ho
gjeva mykje til um ho kunde faa Greide paa det. Og
so skulde han gaa i heile sitt Liv og tru, at ho var den
same Gaasi som den Gongen, ein vanlig Aftenpostlesar
som det ikkje beit Vit paa; uff; ho kunde harme seg
ihel.
— Men so var det den Kvelden i Marts, daa ho
raaka han hjaa Markussen.
Ho vart reint forfjamsa av aa sjaa han; som vel var
hadde ho teki paa seg den svarte Kjolen i Kveld, den
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>