Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
234
HJAA HO MOR
strame som klædde henne so godt . . . Markussen
namngav deim for kvarandre: Gabriel Gram, min
Medarbeider i Departemente; Frøken Holmsen, ei av dei
frigjorde ... — Aa! —
„Min Kompliment!" sa Gram; dei gode brune Augo
hans smilte henne med Undring til Møtes. Det var
De, som ikkje vart trulova med min Vén Aas, veit eg?
Kor hev De vanka helst i all denne Tidi? — Aas
fortalde at De hadde vorti for klok for han; og so tenkte
eg paa, um ikkje eg burde freiste; men burte var De!
— Ho vart so glad at ho lo; eg tenkte, De hadde fengi
nok av Styvingskapen min fyrste Gongen, eg! sagde
ho. Gud veit, kven som var den styvnaste av oss tvo
daa, svara han og drog paa Aksline.
Han hadde vorti meir vaksin; Andlitsdragi var fastare,
Skapnaden meir stød. Han førde seg rolegt og saag
trøytt ut; ved Augnekrokane hadde han eit Par smaae
kloke Rukkur. Der var noko til-seg-komi og umtenkt
i Augnelage hans; berre ender og daa glimta det upp
som i gamle Dagar. De hev forandra Dykk, sagde ho.
Ja, svara han; eg hev vorti gamall. Det er den
fordømde Rangelen, ser De. — Hev De rangla so svært
daa? spurde ho og lo. Eg hev rangla som eit Beist,
sagde han. Ho hugsa at han ikkje lika Damur som
lo; men ho lo likevel; han var so løgin. Gud, som
ho kjende han att. Same Tankeløysa; like beintfram . . .
Markus Olivarius hadde Hüg paa Politik; kva totte
Frøken Holmsen um Riksrettsdomen? — Det var smaatt
Stell, sagde Fanny; tenk, lata dei Knigtane sleppe med
aa bli avsette! — De vilde kanskje havt dei straffa paa
Live, De? — Ja minst! — Ah!! ha! ha! ha! — Kva
meiner De med det? spurde # Gram noko forvitin; han
brydde seg elles ikkje um Politik. Fanny raudna; uff,
dette klara ho visst ikkje; eg meiner kje nettup det
absolute Veto, sagde ho; det maa de Juristar forstaa; men
eg tykkjer dei burde hava Straff, alle som held paa ’det
me hev’! — Ha! ha! ha! ha! — Gram saag paa henne;
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>