- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
237

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HJAA HO MOR.

237

realistisk, men ven likevel; gjorde oss daa ikkje
modlause; sette upp Mynster, som me rekk Hüg til aa
likjast. Mynsterkvinnur? sagde Gram; ja, galant er ho;
men eg trudde at for Kvende maatte ho vera heller
aaleitsam? Stakkars Gjenteborn; dei gjeng der i si
Hjartans Truskyld og skal vera Agnes og Aagot og
Svanhild og Svava; men det kann dei daa ikkje; Tingen
er at desse Bok-Kvende er fri for mang ei Mannsbragd
som Kvinna i Røyndi ikkje er fri for . . . so blir dei
modlause, vil eg tru, og tenkjer med seg: eg kann
ikkje vera Svanhild; lat meg daa likso godt bli som
ei av dei andre Høns i Hønsegarden! Ei Gjente som
hev litegrand Vit maatte vel heller bli modig, naar ho
fekk Bøkar som sagde henne korleis Kvinna verkeleg
er, og kva Kvinna i dei og dei Høve verkeleg kann
drive det til . . . Men Gudbevars; det er klaart at
Damur likar betre galante Poetar enn ugalante! Naar
slikt eit vanlegt Hønsehovud les den gilde Literaturen
vaar, og ser slike Kvende som berre er Blomedaam
og Fuglesong og fine Kjenningar, so segjer det seg
sjølv at ho vert uppglødd; Herregud, sukkar
Hønse-hovude, er me so yndige naar me vert skildra realistiskt?

— Fanny lo. Dagmar gav henne eit svivyrdelegt
Augnekast fraa Sida; naar det ber til Stykke, sa ho,
finst det kanskje fleire Svanhild’ir og Nora’ir i det
verkelege Live enn Herr Gram tenkjer. — Gudbevars,
svara han likesæl.

Heile Kvinnesaki vart tilgjord og keidsam, paastod
han, av di dei bygde paa denne fagre Bokheimen med
dei mange Mynster. Det kunde daa ikkje noko livande
Menneskje bry seg um ei Samling av Nora’ir og slikt!

— Dagmar meinte det kunde vera andre Ting og,
som gav Herr Gram Mothug mot Kvinnesaki; Herr
Gram vilde vel t. D. ikkje gjerne godkjenne
Jamlik-skapen vaar? — Nei den godkjenner eg Fanden ikkje!

— Alle lo; berre Fanny sat tagall; dette gjorde henne
vondt. Gram dreiv paa. Kva dei no vilde segja um

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0243.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free