Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
238
HJAA HO MOR
Kvinneheilen, so hadde Skaparen laga det so, at Kvinna
var ufrisk tri Dagar kvar Maanad, som me ikkje var,
og derattaat ufrisk tri Kvartal annakvart Aar, som me
heller ikkje var; um daa Mann og Kvende kunde gaa
i Veg samstundes, vilde han faa Fyrisprang likevel.
Kvi er de daa so rædde for aa gjeva oss Lov til aa
prøve oss? spurde Dagmar uppøst. Rædde? sagde
Gram. Upp med alle Dørir og burt med alle
Stengs-lur; det er ikkje faarlegt; Kvinnestudentane gifter seg
sgu lengi fyrr dei fær Embætseksamen! Dagmar vart
raud; Fanny hugsa noko ho hadde høyrt, men ikkje
vilja tru, at Dagmar skulde vera løynleg trulova.
Dessutan, heldt han fram, skulde det vera ei Kvinne som
var laga til Professor meir enn til aa vera gift, so lat
henne i Guds Namn bli Professor! Men Kvinnerørsla
gjeng ut ifraa at Kvinna i det heile skal vera
Professor; og det er Bok-tull. Det skal ikkje vera nok med
at me Mennar vert uppalne til Sveinkallar og Egoistar
og vert oss sjølve nok og gjeng Fanden i Vald; no
skal Kvinna og den Vegen! Berre skaffe
Frøkenfor-syrgjing for so mange som mögeleg . . . Hadde
Poetane sagt Dykk Sanningi, som er den, at Kvinna so
vel som Mannen treng ikkje berre Forsyrgjing, men
Kjærleik, og det ikkje berre den fine Kjærleiken som
dei hev Lov til aa skrive um . . . Men det er ei av
dei Mannsbragdine som Poetane tegjer um ! So gjeng
daa Gjentungane, kann ein vita, og trur at det er
noko fælt og ukvinnelegt aa hava denne sunne, heite
Trong etter ein Manns Fangtak ... —
Dagmar hadde flutt seg burt til Helga og rødde
halvhøgt med henne um det siste av Bjørnson. Fanny
lét Augo heilt att. Det var det. Soleis hekk det
ihop. Dette fæle som hadde pint henne som ei
løynleg Skam, den vonde Aand som ho i Graat og Rædsle
hadde freista aa drive fraa seg, — det var ingi vond
Aand, og det var ingi Skam; det var naturlegt,
menne-skelegt; det verste Livsspursmaale hennar var løyst.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>