Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HJAA HO MOR.
239
Og dette skulde ein ikkje faa Greide paa, fyrr ein var
fire og tjuge Aar gamal!
Dagmar reis tidleg upp og gjekk; Fanny var fullhüga
paa aa sitja so lengi som mogeleg. Dette idiotiske
Kvinfolke gjorde meg gamle Herremann sint, sagde Gram;
seg meg, Frøken Holmsen, var eg usømeleg? — De
var leid, sagde Fanny; og det er ikkje rett av Dykk aa
vera sint paa’ Dagmar. — Slik Tilskaping gjer meg
sint, sagde han. — Eg trur ikkje det var Tilskaping,
sagde Fanny. Det som De sagde i Kveld, hev ingi
ung Gjente Greide paa; det kann høyrast rart, men
det er no so. Gram riste paa Hovude. Naar so er,
sagde han, so hev eg gjort mang ei ung Gjente
Urett.
Daa Klokka var so tolv, sagde Gram: eg trur ved
den livande Gud, at Frøken Holmsen kann rangle!
Ho vart lite raud; ja kva daa, sagde ho. Daa vil eg
trulova meg med Dykk paa Flekken, svara han; men
paa det Vilkaar, at De ikkje blir glad i meg! —
Ahü-ha-ha-ha! — Eg sjølv er ferdug med den Ting, skal
De vita, heldt han fram; og einsidug Kjærleik veit
De er ikkje morosam. Me fekk berre rangle i Lag!
Eg er so lurve leid av alle mine gamle Svirebrørar;
og denne Markussen hev vorti so skikkeleg sidan han
vart gift ... Ja eg meiner det sgu! Er De med,
Frøken? — Ho rette fram Handi: Ja! — Topp! De
kann drikke 01 daa? — Ja det veit Gud. — Og De
vil ikkje vanvyrde ein livsleid Sveinkall, som i tjuge
Minuttar stikk upp til tvo Flaskur under Kavaien ? —
Vil De svalle eit Grand med’ De drikk, kann De for
meg gjerne drikke tri. — Skaal; det er nok gali at
eg ikkje hev raaka Dykk fyrr likevel, Frøken; hadde
eg havt eit vltugt Kvinnfolk til aa rangle med, so
hadde ikkje Rangelen vorti so toskut . . . Men no
skal De ikkje svikte, Frøken; Fru Markussen der kann
vitne at eg er ein skikkeleg Fyr; eg hev rent Horni
av meg for lengi sidan ...–
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>