Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
240
HJAA HO MOR
— — Fanny gjekk Turar med Gram; og Live var
slett ikkje stuslegt lenger.
Paa Skulen hadde dei teki til med det praktiske;
alle dei andre fann det ulidande; men Fanny var i
Ovlag. Ho yvihøyrde dei smaae Prøveklutane sine
med Fagnad, jamvel i Religion; Tvilen hennar um
Gud var burtkvorvin; han hadde havt noko godt gøymt
aat henne likevel, og hadde visst noko godt gøymt aat
alle. Heime bar ho Ulags-Ridine til Mor si med
utru-legt Tolmod; stakkars Mor; ho hadde inkje noko aa
gleda seg i, so det var rimelegt at ho fann Live
uhüg-legt. Inkje og ingin hadde ho. Onkel Solum synte
seg mest aldri; Bror Nils var flutt paa Lande og skulde
styre eit Verk; den einaste Trøysti ho hadde var
Smaaborni til Lea, som ho hjelpte til med aa skjemme
burt; og so hadde ho Jomfru Thorsen daa, Stogugjenta
hennar hadde vori. I Lag med henne sat ho Mor og
svirde i Kaffi og trøytte Tidi med aa fortelja uppatt
dei gamle Sogune fraa Fredheim; det var utrulegt at
dei kunde halde ut med det; dei maatte ha vori glade
i han Far baae tvo, baade Frua og Tenestgjenta. Men
naar ho Mor fortalde um Live sitt i Sydame-Tidi,
forstod Fanny henne so godt, at ho totte ho kunde
tilgjeva henne alt, um det so var det verste. Arme
gamle skrukkute Skinn; Herregud, um ho no i si
Hugløyse og Vonløyse skulde ha forsynda seg. Ein
vilde ikkje kunna segja noko um det. Fanny visste
sjølv kva Keidsemd var; og ho visste, at utan Kjærleik
var Live ikkje anna; aa; alt, alt kunde ho tilgjeva.
Det maatte vera Maate paa kva ein kunde krevja av
eit Menneskje og.
Ho sat hjaa Ebba og snakka livsleidt, men kunde
ikkje faa det til lenger. Ho hadde denne litle løynlege
Jubelen inne i Bringa at ho skulde raake han; og so
det at han verkeleg iddest gaa og tala med henne.
Hjaa Ebba raaka ho Uchermann og Lærar Opthun; den
siste, ein logn, vår Fyr, tok fraa henne all Hug til
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>