- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
255

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HJAA HO MOR.

255

stundom kald og spitordig so det kunde vera reint
vondt. Han spurde henne ut um alt gamalt; kom jamt
og samt med Undringar yvi dette „rare" at ho ikkje
hadde vori glad i nokon, og dette „merkelege" at ho
med all „laak Arv og ingi Upplæring" skulde ha kunna
haldi seg „heilt uppe"; ja han kunde segja henne
slikt som at „alt kunde tilgjevast so nær som Dyljing"
. . . Det gjekk so vidt, at ho ofte tagna reint, og berre
gjekk og kava med Graaten.

Ein Søylekveld i November hadde dei gjengi so langt
at ho var reint utmasa; det var endaa ikkje fritt for
at ho kjende Minningar av Underlivstilfelle sitt. Dei
var i Hægdehaugsvegen, ikkje langt ifraa Bustaden
hans; ho sagde at no maatte ho kvile. Gakk med upp
til meg og drikk eit Glas Vin, sagde han; ho fylgde.
Daa ho hadde kvilt seg noko, gjekk dei ut att; og so
tok han til med dette um Folkesnakke. Slikt som
dette burde De ikkje gjera, veit De, sagde han. Jasso,
svara ho; eg hev elles gjort slikt fyrr. — De er modig!

— Saman med godt Folk hev eg altid kjent meg trygg.

— Ja, ja; ein kann vera trygg . . . Men um De no
ein Gong vart glad i ein; gift . . . Mannen kjenner
Dykk ikkje; han kann ikkje lata vera aa røkje etter;
so er det daa ein som maa tilstaa, at De hev vori
aaleine med han paa Rome hans ein Gong ... —
Naa? — So kann De aldri meir gjera Mann Dykkar
trygg. Det er ikkje nok, forstend De, at ei Dame er
uskyldig, og at alt Folk trur ho er uskyldig; der maa
ikkje vera so mykje som Tanke um Tvil. Den
Mannen som heldt av Dykk, han vilde koma til aa spyrja
seg sjølv: hev ho kysst den Guten? Og um ho ikkje
hev kysst han — hadde ho gjort det, um han hadde
vori djerv nok? — Og so er alt ute. — So lat det
vera ute! sette ho harmfullt i; det er ein Tenkjemaate
so raa, at —; ein Mann, som heldt meg for slikt eit
Ting, at so snart eg ikkje var under Uppsyn so kunde
han tru meg til kva det var,.— jau, han var den rette

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0261.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free