Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
256
HJAA HO MOR
til aa koma og tala um Kjærleik! — Ho skalv. Han
totte ho braaka for mykje. Det er so, for Fanden,
sagde han. Sidan gjekk dei og tagde; ho svor med
seg sjølv, at ho ikkje vilde raake han meir. Denne
Eiden sin heldt ho i tvo Dagar.
Han vilde hava Greide paa kva Lag ho hadde, og
lét seg gjera kjend baade med Ebba Lehmann og Lærar
Opthun. Glad var ho; Folk som kjende henne vilde
han ikkje faa høyre noko gali av. Ho undrast paa kor
han vilde like Ebba. Ein Kveld spurde ho han. Aa
jau, svara han; det er visst ei svært klok Gjente. Elles
so —; dei er aldri fullt ut Damur, slike Kalls-Kvende;
Læraren, eller kva det kann vera, sting seg allstødt
fram; og det er endaa verre hjaa Kvinna enn hjaa
Mannen med sovori. Og Kvinna toler ikkje aa staa
under Tukt; ho fær ein Tenarhaatt; vert altfor mjuk,
eller og trassig; strævande; misser det trygge og rolege
Damelag . . .
Fanny forsvara Ebba som galdt det Live. Ho hadde
kanskje mindre Tenarhaatt enn flest-alle av deim som
han kalla Damur; ho var daa visst sjølvstendig; hadde
sine eigne Meiningar, som ho og vedkjendest; no eit
Bil sidan hadde ho endaa meldt seg Fritenkjar for
Skulestyre med Bøn um aa faa sleppe aa vera Lærar
i Tru; ho visste, at ho med dette vaaga sjølve Posten
sin, men hadde gjort det endaa. Ja, kjære Dykk, De
tek i Miss, svara han; det er ikkje slikt eg meiner.
Den Kvelden og gjekk dei tagalle heim. Og det vart
ein ny Stans i Samvære deira.
Ein Kveld seinare paa Vinteren sagde han rett som
dei gjekk: De, Frøken, De maa agte Dykk for Venine
Dykkar. Eg hev ingi Venir, svara ho; kva meiner
De elles med det? — Naa; det er inkje aa bry seg
um ; det var berre denne mystiske Skulelæraren, Opthun
eller kva det no er han heiter . . . han gav seg til aa
fortelja meg um Dykk her ein Kveld. — So; kva sagde
han daa? — Det vil segja, han fortalde ikkje noko;
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>