- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
257

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HJAA HO MOR.

257

det er den glupaste Snikfislaren, eg enno hev raaka
paa. Han berre sagde at det var ingin som kjende
noko vidare til Dykk; det var t. D. ingin som visste
kor mykje eller lite De hadde havt aa gjera med
Uchermann; heller ikkje var det nokon som visste korleis
De kunde ha livt med firti Kronur um Maanaden, helst
daa De umframt hev ei Mor aa forsyrgje; dertil var
det ukjent, um ein kanskje kunde finne Forklaaringi
til dette hjaa ein ung Sprett han nemnde, ein Her
Houen, Son av Husbonden Dykkar var ... — Kva?
ho skreik upp; det isna henne ned gjenom Ryggen av
Rædsle. Inkje aa bry seg um, svara han; Fyren
vedgjekk sjølv, at han inkje visste; han berre tok sine
Tankar av slikt som han hadde høyrt av den og den;
soleis av ein han kalla Ilsnæs ... — Slikt hev Ilsnæs
aldri sagt, vitna Fanny. — Nei; det same sagde han
. . . ein framifraa Snikfislar; De burde ikkje umgangast
han. — Eg skal ikkje helse paa han dessmeir! — Nei;
det tykkjer eg og. — Dei gjekk og tagde eit BU; han
venta visst paa at ho skulde segja eitkvart. Ho kjende
seg sjuk; ho berre ynskte ho var heime so ho kunde
faa graate.

De hev i det heile vori mindre var um Dykk,
skynar eg, sagde Gram. Ei Dame som De maa stelle
seg so, at Folk veit korleis ho liver; seg meg, kann det
vera sant at De ikkje hev havt meir enn firti Kronur
Maanaden? — Eg hadde seksti i seinare Tid; i
Fyrst-ningi hadde eg berre fem og tjuge ... — Ja men det
kunde De ikkje liva av? — Ho kjøvde Graaten: Nei. Han
tagna. Det lét seg beintfram ikkje gjera aa spyrja meir.

Men lite etter tok han til att. De er i det heile
ikkje sers i Lag til aa fortelja um Dykk sjølv, Frøken?
— Tonen var speande; ho vart iskald. Eg tenkte ikkje
De brydde Dykk um det, svara ho stutt. — Naa —;
slikt eit — minst sagt — underlegt Samhøve, me er
komne uppi ... ein maa daa hava som ein Kjennskap
til kvarandre, forstend De! — Eg tykkjer eg kjenner

17 — Oarborg. H.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0263.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free