Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
258
HJAA HO MOR
Dykk so godt, eg. — Det gjer De no ikkje, Frøken;
og kor som er so kjenner ikkje eg Dykk! — Nei. —
Er det i det heile nokon som kjenner Dykk, Frøken?
— Eg vil daa tru det! — Til Dømes? — Naa . . .
Helga Markussen. — Nei; Fru Markussen kjenner Dykk
ikkje. — Kva for Sl . . . — Ho raaka Dykk i
Arbeidar-samfunde ein Gong, segjer ho, i Lag med ein
Kram-bukar; sidan kom Krambukaren burt og vart etterfylgd
av denne Uchermann ... — Det segjer ho ikkje!! —
Naa; um ikkje nettupp paa den Maaten . . . Seg meg,
den Handelsguten, — var det kanskje den same som
han unge Spretten, Opthun fortalde um? — Nei.
Noko etter heldt ho fram: elles kjenner Ebba meg betre.
— Frøken Lehmann veit inkje anna en godt um Dykk,
sagde han; men etter det Opthun fortel, vil ho med
det fyrste skilja Lag med Dykk, av di ho trur at De
no for Tidi liver i fritt Ægteskap med meg. — Aa
Gud, kor han lyg! — lyg!! — Uff, ikkje skrik so . . .
Men De ser, at naar det gjeld Dykk, so hev eg ikkje
mykje aa halde meg til.
Ho steintagna. Stakkars Gjente; hadde ho kanskje
gjort seg Tankar, men saag no at det ikkje kunde bli?
— Dei nærma seg Porten; han tok til aa tala um at
ho burde gifte seg. De skal ikkje gaa her og bli
Møy-kjering, sagde han; finn Dykk ein skikkeleg Mann som
kjenner Dykk, og som De kann lite paa . . . Braatt
flaug ho fraa han og inn; han totte han høyrde kvævd
Graat upp etter dei myrke Troppine. —
–Fanny hadde søkt Post ved Aalmugeskulen;
den fekk ho ikkje. Men ho kom til aa vera Hjelpelærar
eit Bli for ei som hadde fengi Stipendium og skulde
til Stockholm og gjera seg kjend med småskolan.
Det var ein Smaagutklasse Fanny fekk, som vel var;
Smaagutane var ikkje so trollute av seg som Gjentune.
Og det var godt aa faa noko aa stelle med att. Det
kunde bli eit hugsamt Yrkje og dette, — naar det
berre ikkje var desse velsigna Religionstimane.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>