Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HJAA HO MOR.
259
Det kunde klara seg med Kristendomen, so lengi ein
kunde halde han noko paa Fraastand; tru paa dei store
Grunnane i han og lata Resten vera for det det var.
Men her skulde alt bli framlagt og utgreidt, og daa
vart det verre.
Det var so Spursmaali stundom reint kunde setja
seg fast i Halsen paa ho. Det var i Friskulen; og aa
forklaare for dei blaableike, fillute Ungane, at dei skulde
elske Gud av di han gav deim Klæde og Mat . . . me
fær ikkje Klæde og Mat! kunde dei finne paa aa segja.
Eller dei Gutane som hadde ein stygg Heim, med Fyll
og Griseskap, — aa lære deim, at dei skulde elske og
ære Foreldri sine; eller fortelja deim, at Jesus hadde
frelst deim fraa Synd og Naud, endaa dei ikkje var
frelste korkje fraa Synd eller Naud ... det var so
reint urimeleg raadlaust.
Ho kjende seg meir og meir som ei stor
Prette-kraake. Her gjekk ho og narra innpaa desse stakkars
truskyldige Smaakarane Ting som ho sjølv ikkje trudde
paa, og som inkje vitugt Folk trudde paa; det var
sumetider ho fekk Hug til aa vera ærleg mot deim
og segja som so: de maa kunna dette Gutar, elles
slepp de ikkje fram for Presten; men det er noko Tull
daa, skynar de vel! — Reint uviljande glytte ho
burt-aat Dørgluggen; tenk, um det stod nokon der og gjætte
henne! Og snøgt døyvde ho ned dei vaaglege Lystir.
Det vart klaarare for henne med kvar Dag som gjekk,
at ho kunde ikkje halde ut med Skulen, naar ho skulde
vera Lærar i Tru. Gjeve Gud, at Skulestyre vilde
svara Ja paa Søknaden til Ebba. Det maatte vera best
for Trui og, at berre dei som sjølve trudde, var Lærarar
i ho; det maatte daa visst Prestane forstaa. Aa ja;
Skulestyre var nok vitugt. Og daa vilde ho au kunna
søkje seg fri.
Men so var det ein annan Otte: Løni. Upphavsløni
for ei Læremor var seksti Kronur; derifraa gjekk fem
Kronur til Vikar- og Likferdskassa; det vart fem og
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>