Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
260
HJAA HO MOR
femti Kronur um Maanaden; og ho hadde Skuld! Det
kunde ho aldri klara. Denne Skuldi kom til aa tyngje
og talme henne i all hennar Tid; aldri kom ho laus;
aldri vart ho fritt Menneskje. Det einaste var, um
Mor hennar kunde døy . . uff, aa fy daa. Aa jau;
det var som dei skreiv i „Morgenbladet": at no var
der gjort so mykje for Kvinna som ho med noko Vit
kunde gjera Krav paa!
Og so skulde Fanny etterpaa alt hava denne vonlause
Kjærleiken aa dragast med ... det nytta ikkje aa dylja
for det lenger: det var Kjærleik. Vanleg, vitlaus
Kjærleik. Og ho, som skulde ha vori nøgd med so
lite, so uendeleg lite; berre faa sjaa han ender og daa,
faa gaa ved Sida hans, svalle med han, handtakast
med han . . . Men ikkje det dessmeir skulde ho faa
Lov til. Det var slutt. Det vart verande slutt. Ho
kunde aldri meir søkje han. Det gjekk Dagar og Vikur;
ho var ikkje anna enn Lengt; heile ho var ein einaste,
slitande Lengt: han han, berre han; men han kom ikkje.
Og ho ... ho var burtvist. Ho bruka Dagane sine,
og Nætane med, til aa tenkje paa Utvegar, finne ut
Maatar og Raadir til aa faa fat paa han, so ingin skulde
kunna faa so mykje som ein Tanke um at ho hadde
havt noko med det aa gjera; men nei, slike Raadir
fanst ikkje.
Rett som det var raaka ho han likevel. Det var eit
reint Vinglehøve. Ho kjende som ei Svimring um
Hjarta, so sæl vart ho; han maatte ha søkt henne. Ho
kom beint fraa Skulen.
Men i all Verdi, sagde han, kor hev det seg, at ein
aldri ser Dykk? — Dykk det same? svara ho. Han bad
henne med paa ein Tur; sidan skulde dei faa seg ein
skikkeleg Middag hjaa Gravesen; ho gløymde Svolten
sin og fylgde. Det er skralt med meg som vanleg,
sagde han; denne Satans Ungkarsrangelen, denne
fordømde Griseskapen ... kvi kjem De burt for meg
soleis rett som det er; ser De ikkje at De er mi gode
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>