- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
261

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HJAA HO MOR.

261

Fylgje; naar eg rangler med Dykk vert eg endefram
ein Gudsfugl ... —

Dei fekk seg Mat hjaa Gravesen; drakk sidan Kaffi.
Etter den tok han dessutan eit Par Glas Pjolter; han
maatte drikke seg normal, sagde han. Uff, dette ufjelge,
vonlause Live vaart; det var ufysi at me ikkje skulde
hava det vesle Tiltake som turvtest til aa gjeva seg
den vesle Kula i Skallen; Enden vart at han gjekk
fraa Vite ein god Dag; han hadde no ein Onkel og,
som var galin.

Etterkvart kom han i ljosare Lag; sistpaa var han
„normal"; og so fylgde han henne paa Heimvegen.
Daa dei kom til Porten, kjende ho med eit Armane
hans um Live sitt; han klyngde seg tett inntil henne,
og det gjekk ei Skjelving gjenom all hans Kropp —:
aa, um De kunde vera modig og bli mi! Kammeraten
min heilt ut! Halde ihop so lengi me kunde . . . vera
ihop um alt! — Det var som ho drogst ned i ein
sugande Malstraum. Hovude henner seig bakyvi, Augo
létst att; so vakna ho av aa kjenne hans Munn
famlande etter sin . . .

Alt som fanst i henne av Bljugskap vakna, lyfte seg,
kom veltande, skyljande som ei Havsbylgje, reiv henne
ut or Armane hans, slengde henne i villt Flog upp-yvi
alle Troppine, til dess ho skjelvande og skræmd sat i
Omnskraai hjaa Mor si.

Ho Mor sat i Ruggestolen med Bundingen sin. Den
vanlege Gnaalepreika kom: kva ho flaug etter; fljuge
av seg Klæde og gjera Ende paa Pengar; fara um med
altslags Folk og lata Mor si sitja heime og langpinast
aaleine; kom det ein skikkeleg Friar, so var det nei;
men kunde ho finne ein Lurv uppi Arbeidarsamfunde,
so flaug ho etter han som ho skulde vera forlegi . . .
Det var reint so det letta aa høyre Mor si skjelle no.

Og so skal eg helse deg fraa Ebba Lehmann, kom
det sistpaa. Ho var her uppe no i Stad og fortalde,
at ho var avsett fraa Posten sin. Presten hev vori

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0267.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free